- Det er neste heilt utenkjeleg at Saddam Hussein skal gå i eksil. Ikkje minst fordi det ikkje er eit samla internasjonalt samfunn som står bak dette kravet, men berre ei lita gruppe land, seier NUPI-forskar Espen Barth-Eide.
Han er ikkje overraska over talen til George Bush i natt.
NUPI-forskar Espen Barth-Eide.
- At det ville kome eit ultimatum låg i korta. Nedteljinga var i gang alt etter toppmøtet mellom USA, Storbritannia og Spania på Azorane søndag, seier Barth-Eide.
Han meiner talen til Bush var eit klassisk eksempel på bruk av krigsretorikk. Han har merkt seg at USA no har slutta å snakke om avvæpning av Irak. Det var ein ordbruk landet brukte så lenge det var eit visst håp om å få med seg dei andre landa i Tryggingsrådet.
- No er det berre snakk om eit regimeskifte. Det einaste som kan stanse ein krig no er at Saddam Hussein og hans næraste medarbeidarar reiser i eksil. Det er ikkje truleg, og då er det duka for krig, seier forskaren.
Barth-Eide peikar på at det no er det USA som bestemmer. Han trur ikkje angrepet kjem på timen 48 timar etter at Bush sette fram ultimatumet i natt, altså natt til torsdag, men at han likevel vil kome raskt.
Ap-leiar Jens Stoltenberg.
Espen Barth-Eide har tidlegare vore statssekretær i Utanriksdepartementet då Arbeidarpartiet hadde regjeringsmakta i Nereg. Partileiar Jens Stoltenberg meiner USA sitt ultimatum til Saddam Hussein er eit tilbakeslag for alle som har arbeidd for ei fredeleg løysing på Irak-konflikten.
- Vi meiner at våpeninspeksjonane burde få halde fram, og at alt ikkje var prøvd for å få til ei fredeleg løysing, seier Jens Stoltenberg. Han gjer det klart at Noreg ikkje kan støtte ein krig som ikkje har forankring i Tryggingsrådet i FN.