Hopp til innhold

- Eit amerikansk ikon er borte

Den amerikanske politikaren Edward "Ted" Kennedy er død, 77 år gammal. - Han var eit amerikansk ikon, seier politikaren Harry Reid.

Video nsps_upload_2009_8_26_8_33_28_3133.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Senator Edward Kennedy fekk diagnosen kreft i hjernen i mai fjor. Han var den første av dei verkelege tungvektarane i Det demokratiske partiet som gjekk ut med støtte til Barack Obama i kampen om å bli partiet sin presidentkandidat.

LES OGSÅ: Eunice Kennedy Shriver er død

Han døydde i heimen sin i Hyannis Port i Massachusetts i natt, opplyser familien.

Han har i fleire tiår vore ein av dei mest markante demokratiske senatorane i Den amerikanske kongressen. Leiaren for Demokratane i Senatet, Harry Reid, seier dette om Edward Kennedy:

- Han var ein ven, ein føregangsfigur og eit amerikansk ikon.

Han seier at Kennedys bortgang gir inspirasjon til å kjempe for hjartesakene hans.

Politikar-familie

Han var ein yngre bror av John F. Kennedy og Robert Kennedy, som begge vart skotne og drepne medan dei var aktive politikarar. John vart skoten i Dallas i Texas i november 1963, etter å ha vore president sidan 1960.

Robert Kennedy vart skoten i juni 1968 på eit hotell i Los Angeles, medan han kjempa for å bli Det demokratiske partiet sin presidentkandidat.

Edward Kennedy ved statue av broren John F. Kennedy

Edward Kennedy held tale ved ein statue av broren John F. Kennedy.

Foto: Elise Amendola / AP

Edward Kennedy var kjend for å tilhøyre venstresida i Det demokratiske partiet, og dei store kampsakene hans var helse og utdanning. Mange meiner at det faktum at han tilhøyrde venstresida i partiet, gjorde at han aldri vart nominert til presidentkandidat.

Han stilde opp mot Jimmy Carter i 1980, men tapte nominasjonskampen.

Chappaquiddick

Men Edward Kennedy fekk ei alvorleg ripe i lakken alt i 1969, då han ikkje varsla politiet om ei dødsulukke i Chappaquiddick på nordkysten av USA. Det var Kennedy som sjølv køyrde bilen , og kvinna som omkom, Mary Jo Kopechne, var truleg elskerinna hans.

Bilen køyrde utfor ei bru og hamna i sjøen. Kennedy greidde å symje til land, men han venta til dagen etter med å varsle om ulukka.

Han fekk sterk kritikk etter dette, og denne saka har nok også vore sterkt medverkande til at han aldri vart presidentkandidat.

Som senator har han jobba for å lovfeste homofile og lesbiske sin rett til å gifte seg, og han arbeidde også for å auke den lovfesta minestelønna i USA. Han var ein skarp kritikar av George W. Bush si avgjerd om å invadere Irak.

Esward Kennedy saman med Barack Obama

Edward Kennedy saman med Barack Obama i januar 2008.

Foto: EMMANUEL DUNAND / AFP

Eward Kennedy vart fødd i Boston 22. februar 1932. Han vaks opp i Massachusetts, New York, Florida og England. Han er utdanna jurist frå prestisjeuniversitetet Harvard.

Senator sidan 1962

Han har vore senator for Massachusetts samanhengande sidan 1962, og han var inne i den niande fulle perioden sin på Capitol Hill då han døydde.

Han var gift med Joan Bennett Kennedy frå 1958 til 1982, då dei vart skilde. Saman har dei borna Kara Ann Kennedy, Edward Kennedy Jr. og Patrick J. Kennedy. Patrick har sjølv gått inn i politikken og han sit i dag i Representanthuset i Den amerikanske kongressen.

Frå 1992 har han vore gift med Victoria Reggie Kennedy. Dei har ikkje barn saman.

Ein engasjert Edward "Ted" Kennedy på talarstolen.

Ein engasjert Edward 'Ted' Kennedy på talarstolen.

Foto: Ron Edmonds / AP

Edward Kennedy på nettet

LES OGSÅ: Overleverte Kennedy-drømmen

Kollapsa under lunsj:

Video nsps_upload_2009_1_20_21_44_30_3003.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video frå då Edward Kennedy kollapsa under ein lunsj.

SISTE NYTT

Siste nytt