Hopp til innhold

- Død spion i sportsbag ikkje utsett for ei kriminell handling

Den britiske spionen som vart funnen død inne i sin eigen sportsbag, vart truleg ikkje utsett for noko kriminelt, meiner britisk politi.

Britisk spion funnet død i sportsbag

Frå rekonstruksjonen i badekaret der Gareth Williams vart funnen død.

Foto: HANDOUT / Reuters

Kodeeksperten Gareth Williams vart funnen død i bagen sin i badekaret husværet sitt i London i august 2010. Dette førte til spekulasjonar om at han var teken av dage av utanlandske agentar.

Den britiske spionen Gareth Williams

Gareth Williams var kodeekspert i den britiske etterretningsorganisasjonen MI6, men var også svært interessert i utbrytarteknikkar.

Foto: Anonymous / Ap

No viser den siste etterforskinga til London Metropolitan Police at Williams, som ifølgje Sky News skal ha hatt ei spesiell interesse for eskapologi, læra om utbrytarteknikkar, døydde ved eit uhell.

– Ingen andre involvert

Politiet har konkludert med at han sjølv kome seg ned i bagen, men at han ikkje greidde å kome seg ut igjen. Dei er sikre på at ingen andre var involvert i det som skjedde.

I starten av etterforskinga meinte London-politiet at det var god grunn til å tru at nokon utanfrå hadde vore involvert i det som skjedde. Dette var også den første konklusjonen til rettsmedisinarane. Ein rettsmedisinar gjekk så langt som seie at han høgst truleg var utsett for eit drap.

I eit rettsleg avhøyr kom det fram at to ekspertar hadde prøvd 400 gonger å låse seg inne i ein liknande bag, utan å lukkast.

LES OGSÅ: Spion skal ha låst seg selv i sportsbag

LES OGSÅ: Spion drept og dumpet i sportsbag?

Familien skeptisk

Få dagar etter viste likevel ein sersjant i den britiske hæren at det faktisk var mogleg å låse seg inne i ein same type sportsbag som Williams vart funnen i, og så låse bagen frå innsida.

Familien til Gareth Williams har gjort det klart at dei trur meir på teorien til rettsmedisinarane om at han verkeleg vart utsett for ei kriminell handling, enn på politiet sin ferske konklusjon. Det har også vore framsett påstandar om at politiet kom med den nye konklusjonen etter press frå etterretningstenesta.

Dette blir kontant avvist som tøv av visepolitimeister Martin Hewitt.

Sportsbagen som spionen Gareth Williams ble funnet død i

Politiet sin rekonstruksjon i ulike stadium.

Foto: HANDOUT / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt