Hopp til innhold

- Bombemistenkt kvinne truleg offer

Forsvaradvokaten til den unge kvinna som er arrestert, mistenkt for å ha sendt pakkar med eksplosiv til USA, fryktar at ho er eit offer i saka.

Politiet fraktar bort mystisk pakke i pansra bil.

Eit politihelikopter fraktar vekk ein mistenkeleg pakke frå East Midlands flyplass i England. Pakken viste seg seinare å vera ei bombe.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

– Det heng ikkje på greip at ein person som skal utføra ei slik handling legg igjen telefonnummeret og eit bilete av id-kortet sitt, seier han.

Kvinna, som skal vera ein ung student, vart pågripen laurdag kveld saman med mor si i hovudstaden Sana.

Ho vart spora opp via eit telefonnummer ho skal ha gjeve til eit fraktselskap, seier ei kjelde til Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt