Presidenten i Jemen, Ali Abdullah Saleh har ikkje stadfesta pågripinga, men sa på ein pressekonferanse tidlegare at huset til ei kvinne som er mistenkt for å ha sendt pakkane med eksplosiv var omringa.
Informasjon frå USA og Dei sameinte arabiske emirata skal ha gjort det mogleg å identifisera kvinna som no skal vera pågripen.
Kritiserte mangel på samarbeid
Presidenten i Jemen, Ali Abdullah Saleh, under ein pressekonferanse laurdag.
Foto: GAMAL NOMAN / Afp
Tidlegare i dag vart 26 nye pakkar beslaglagde i Jemen på grunn av mistenkjeleg innhald. Tilsette ved eit ikkje namngjeve flyselskap, og tilsette ved Sanaa lufthamn si fraktavdeling vart også innkalte til politiavhøyr.
På presekonferansen laurdag kritiserte presidenten i Jemen mangelen på eit koordinert, internasjonalt samarbeid.
– Jemen skulle gjerne sett eit tettare etterretningssamarbeid med amerikanske, britiske og saudiarabiske styresmakter.
Saleh har førebels ikkje gått ut med nærare opplysningar om pågripinga av kvinna.
– Kunne ha sprengt over Storbritannia
Bomba som ble funnen i ein pakke i eit fly som mellomlanda på East Midlands flyplass i Storbritannia var laga for å gå av i flyet.
Det sier Storbritannia sin statsminister David Cameron til BBC. Han kan ikkje utelukka at sprengladninga skulle gå av over britisk jord.
Storbritannia og USA har innført restriksjonar på all flyfrakt frå Jemen etter at det blei oppdaga bomber i to pakkar som var på veg til USA.
Ikkje regelendring i Noreg
Noreg vil førebels ikkje avgrensa flyfrakt, seier informasjonsdirektør Bjørn Erlandsen i Luftfartstilsynet til Aftenposten.no.
Han opplyser at tilsynet får råd om trugselnivået i Noreg frå politiet og frå europeisk luftfart.
– Me har ingen planar om å endra reglane på norske flyplassar, men dette blir fortløpande vurdert, seier Erlandsen.