Hopp til innhold

- A400M med motortrøbbel like etter avgang

Ein av dei overlevande etter flystyrten i Sevilla i Spania laurdag, seier ifølgje Der Spiegel at det militære transportflyet opplevde alvorleg motortrøbbel like etter avgang frå flyplassen. Fire menneske omkom i ulukka.

Undersøkingar på krasjstaden utanfor Sevilla.

Undersøkingane av vraket av transportflyet Airbus A400M heldt fram på krasjstaden utanfor Sevilla i dag.

Foto: MARCELO DEL POZO / Reuters

Aksjane til flyprodusenten Airbus fall med 2,1 prosent i dag, noko som truleg har samanheng med flystyrten og det faktum at flyet har hatt problem med motorane også tidlegare.

Ei kjelde tett på etterforskinga seier til nyheitsbyrået Reuters at motorsvikt er ein av teoriane dei undersøkjer. Kjelda seier likevel at det er altfor tidleg å seie noko å kva som var årsaka til flystyrten, der fire menneske miste livet.

Vil ikkje spekulere

Restene etter flyet som styrtet i Sevilla

Fire menneske miste livet då det militære transportflyet A400M styrta under prøveflyging i Sevilla laurdag.

Foto: MARCELO DEL POZO / Reuters

Airbus vil heller ikkje kommentere spekulasjonane om motorsvikt. – Vi må vente på resultata av etterforskinga, seier ei talskvinne for flyprodusenten.

I går vart dei to svarte boksane til flyet funne , og desse vart overleverte til dommaren som leier den rettslege granskinga av ulukka.

Det militære transportflyet A400M er eit prestisjeprosjekt for Airbus. Styrten laurdag skjedde under testflyging . Flyet tok fyr etter rå ha treft ein kraftleidning, i det som truleg var eit forsøk på å naudlande. Tilstanden til dei to som overlevde er alvorleg, men stabil.

Transportflyet er utvikla for sju europeiske NATO-land, Belgia, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Luxembourg, Spania og Tyrkia. Det einaste landet som har kjøpt flyet utanfor Europa er Malaysia.

Ny testflyging tysdag

Fleire av landa har sett A400M-flya sine på bakken som følgje av ulukka, men franske styresmakter seier at dei ikkje har planar om å stanse bruken av flyet. Også Airbus har varsla at dei vil ta opp att prøveflygingane med flyet alt i morgon, og at sjefen for militærflyavdelinga i selskapet, Fernando Alonso, skal vere med om bord.

Flyet vart teke i bruk i 2013, over tre år etter den opphavlege tidsplanen. Per i dag er berre 12 av 174 fly leverte.

Det er kjent at det har vore problem med utviklinga av motoren, som er den kraftigaste turboprop-motoren i den vestlege verda. Dette har ført til store kostnadsoverskridingar.

Ifølgje Reuters har personar med direkte kjennskap til saka sagt at flyet opplevde motortrøbbel også på jomfruturen i 2009, noko som førte til at landinga framfor fleire hundre ventande VIP-ar vart forseinka.

Airbus A400M

Airbus 400M er eit gigantisk transportfly og eit prestisjeprosjekt for den europeiske flyprodusenten.

Foto: BERTRAND GUAY / Afp

Europeisk motor-samarbeid

Fleire store motorprodusentar har samarbeidd om motoren til A400M. Det er britiske Rolls-Royce, franske Safran, tyske MTU Aero og spanske Industria de Turbo Propulsores.

Dette samarbeidet kom i stand etter at fleire europeiske politikarar kritiserte Airbus sine planar om å importere motoren til A400M frå Canada.

Kjøper ikke nye transportfly

EU-splid i Roma

SISTE NYTT

Siste nytt