Lerøy Midnor på Hitra skal auke samarbeidet med konkurrenten Salmar på Frøya. Med det stadfestar konsernleiar, Ole-Eirik Lerøy i Lerøy Seafood Group, det dei tilsette frykta då Midnor blei kjøpt opp før jul.
- Eg trur at vi skal kunne auke og utvikle samarbeidet med Salmar i eit heilt anna tempo enn det som har vore tilfelle fram til i dag, seier Lerøy.
Nådelaus bransje
Lerøy vil ikkje seie noko om dette også inneber endringar i eigartilhøva. Lerøy-gruppen har lenge vore kunde hos den tidlegare Midnor konkurrenten Salmar som ligg på Frøya.
Selskapa har også felles oppdrettsanlegg i Skottland. Når Ole-Eirik Lerøy no vil auke samarbeidet mellom verksemdene er det med kriseåret 2002 friskt i minne.
- Det er i dag ein nådelaus kamp om å bli best i bransjen. I marknadane og segmenta vi er i er det berre plass til ein nummer ein eller ein nummer to. Dei som kjem inn på 3. og 4. plass går ei svært usikker tid i møte, seier Lerøy.