Hopp til innhold

Vil ha avgift på støyande piggdekk

Støyforeningen meiner bråkete dekk bør få ei avgift på 1.000 kroner per dekk. Styresmaktene er ueinige. Dei vil heller tillate dekk som bråkar endå meir enn før.

piggdekk

Støyforeningen krev ei ny avgift på bråkete piggdekk.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

1,9 millionar nordmenn er plaga av støy kvar dag. Biltrafikk står for 80 prosent av støyen, og da har det mykje å seie kva slags dekk bilane køyrer med.

Dekka som den største dekkforhandlaren i Trondheim ikkje likar, er eigentleg ikkje tillatne i Noreg, men har vore selde på dispensasjon.

– Dersom ein sit inni ein bil utstyrt med slike dekk, bråkar det som om du sit i eit fly, seier dagleg leiar Trond Nilsen i Trønderdekk i Trondheim.

– Vi har mange kundar som kjøper dekka, men som kjem tilbake og seier at vi må ha gjort noko med bilen – det støyar så mykje. Vi seier at det er fordi dei har fått piggdekk på. Men dei har jo hatt piggdekk før, får vi høyre, utan at det har vore slik lyd.

No vil Vegdirektoratet gjere dei lovlege, ved å innføra like reglar som i Finland og Sverige.

– Trass i at vi kanskje tar eit skritt tilbake, så gir dette muligheiter for å ta både to og tre skritt fram, seier Karl Idar Gjerstad i Statens Vegvesen.

Juletrafikk

Biltrafikk står for mye støy. Enkelte type piggdekk som eigentlig ikkje er tillatne i Norge, selges på dispensasjon. Dei støyar meir enn andre.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Rett grep å tillate dei

Fellesnordiske reglar vil i sin tur gi betre og meir miljøvenlege dekk i framtida, meiner Statens vegvesen.

– Bråk som piggdekk lagar er derimot ikkje ein del av dei nye reglane, seier Karl Idar Gjerstad.

– Vi har ingen krav for støy frå piggdekk i Noreg pr. i dag, og det har vi heller ikkje lagt inn i framlegget til nytt regelverk som no er ute på høyring.

Støyforeningen mener bråkete dekk bør få en avgift på 1.000 kroner - per dekk. Men styresmaktene er ueinige.

piggdekk

Statens vegvesen vil ikkje ha avgift på støyande dekk.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det er ikkje ei privatsak lenger kva slags dekk ein utstyrer bilen sin med, fordi ein køyrer rundt og vekkjer folk og øydelegg helsa deira, seier Ulf Winter i Norsk foreining mot støy.

– Treng ikkje vere mykje betre

Dekk med dobbelt så mange piggar har vunne fleire testar dei siste åra – og bileigarane kjøper. Han meiner dei nye dekka er marginalt betre enn dei andre.

– Har du ein testvinnar, så tenkjer du at du er trygg, Men det dekket du vel har ikkje nødvendigvis dei eigenskapane som du prioriterer høgast, seier Trond Nilsen i Trønderdekk.

Stortingsrepresentant Roy Steffensen i Frp forstår at støy er eit problem, men vil ikkje ha avgift.

– Nokon ønskjer gjerne å ha dekk med meir piggar i fordi det styrkjer tryggleiken. Det synest eg er noko folk sjølve bør få velje om dei ønskjer det på bilen. Eg ønskjer ikkje å avgiftsbeleggje tryggleiken til folk, seier Steffensen.