Hopp til innhold

Veit ikkje kven død kvinne i Steinkjer er

Den døde personen som vart funnen i fjæra i Steinkjer torsdag ettermiddag, er ei kvinne. Politiet trur at ho har kome i land med floa, og at ho ikkje har ligge lenge i vatnet.

Politi leter med hunder

Politiet fortsett undersøkingane i fjæra ved Lund i Steinkjer.

Foto: Jørn Haudemann-Andersen / NRK

Lundfjæra i Steinkjer

Det var her i fjæra nordvest for Steinkjer sentrum at den døde personen vart funnen torsdag.

Foto: Jørn Haudemann-Andersen / NRK

Politiet fekk melding om ein død person i fjæra ved Lundflata i Steinkjer torsdag ettermiddag rundt klokka 16.

Det er snakk om ei ganske ung kvinne som kan vere av asiatisk opphav.

– Ho ser ut til å ha vore om lag 160 centimeter høg, og med kraftig beinbygning, seier etterforskingsleiar hos politiet, Leif Gundersen.

Ingen er meldt sakna

Ho var kledd i ein svart eller mørkegrå allversjakke og mørke bukser.

– Vi meiner at ho har drive i land med floa, og ønsker tips om nokon har observert noko, eller saknar personar, seier Gundersen.

Politiet veit førebels ikkje kva som kan ha skjedd. Ingen er meldt sakna, verken i Nord- eller Sør-Trøndelag. Dei veit heller ikkje kva som er dødsårsaka.

– Så langt har vi ingen mistanke om at det har skjedd noko kriminelt, seier Gundersen.

Obduksjonen kan gi nokre svar

Liket er sendt til obduksjon, og politiet etterforskar saka.

Dei går førebels ut frå at kvinna har falt i sjøen ein stad inne i Trondheimsfjorden.

– Vi finn det lite truleg at ho har drive inn i fjorden frå havet. Ho ber ikkje preg av å ha ligge veldig lenge i vatnet, det kan vere snakk om nokre dagar, seier Gundersen.

– Vi ventar no på resultatet av obduksjonen, det vil truleg gi oss dødsårsaka. I tillegg avhøyrer vi folk som har kome med tips.

Politiet fekk melding om den døde kvinna frå folk som passerte området, som ligg nordvest for Steinkjer sentrum.