Hopp til innhold

UP skreiv ut 55 forenkla førelegg og tok lappen frå fem sjåførar på Dovrefjell: – Eg er bekymra

Politiet fryktar dødsulukker på Dovre i sommar. I dag tok dei igjen svært mange trafikantar i høg fart over fjellet.

Laserkontroll på Dovrefjlel 09.07

FARLEG STREKNING: Ifølgje UP har vore fleire dødsulukker på E6 over Dovrefjell dei siste ti åra.

Foto: UP

Utrykkingspolitiet (UP) skreiv ut 55 forenkla førelegg og tok ifrå fem sjåførar førarkortet på Dovrefjell i kveld.

Den raskaste av dei vart målt til 132 km/t i ei 80 sone.

– Skjer det ei ulykke i dei hastigheitene vi stadig ser der oppe, så er eg redd for at det vil gå veldig gale, seier Anders Sjøtrø.

Han er distriktsleiar i UP i Midt-Noreg.

Dagens kontroll føyer seg inn i rekkja av kontrollar på Dovrefjell med mange forenkla førelegg og førarkortbeslag.

– Det er veldig høg snittfart på Dovrefjell. Den går langt over fartsgrensa. Eg er bekymra, seier Sjøtrø.

UP kjem til å prioritere kontrollar på Dovrefjell fram til dei ser ei endring i fartsnivået til trafikantane. Når politiet no held kontrollar på fjellet, har dei stadig kapasitetsproblem, som gjer at dei ikkje stoppar alle dei elles ville stoppa for høg fart i 80 sona.

– Ein veldig stor andel av trafikken på Dovrefjell går langt over fartsgrensa, seier Sjøtrø.

NRK intervjua også i juni Sjøtrø om trafikken på Dovrefjell. Då peika han på at det har vore mange dødsulukker der før.

– Dei siste ti åra har vi i alle fall hatt fem dødsulukker der. Vi har ei viss prioritering av denne strekninga, men det vi har sett i det siste uroar meg veldig, sa han.