Hopp til innhold

Suste forbi politiet på elsparkesykkel: No er mannen sikta for to straffbare forhold

Sjefen for UP i Midt Noreg har ikkje høyrt om liknande før.

Elsparkesykkelen som ble stoppet.

ULOVLEG OM DU ER RUSA: Då politiet testa elsparkesykkelen til mannen målte dei den til ei toppfart på 29 km/t. No er han sikta for både narkotikakriminalitet og påverka tilstand.

Foto: UP

Onsdag ettermiddag kontrollerte ein av UP sine patruljar eit køyretøy då ein av dei haldt på å bli køyrt ned av ein mann på ein elsparkesykkel i stor fart.

– Føraren verka rusa og hadde han mykje pengar på seg.

Det fortel leiar Midt Noreg UP, Anders Sjøtrø.

Politiet mistenkte at mannen dreiv med narkotikasal og fekk grønt lys frå påtalemyndigheita i Trondheim til å ransake heimen hans.

Der fann dei større mengder amfetamin og cannabis. Det var også ein anna mann i bustaden. Begge vart arresterte og sit no i arresten ved politihuset i Trondheim, skriv Adresseavisen, som omtalte saka først.

Sjåføren av elsparkesykkelen er sikta for både narkotikakriminalitet og køyring i påverka tilstand.

Vart rekna som motorkøyretøy

Er du rusa på alkohol og køyrer på ein utleigd elsparkesykkel med fartssperre på 20 km/t slepp du som regel straff om du vert stoppa av politiet, så lenge dei ikkje reknar køyringa di som aktlaus.

Men er du raskare i rusen vert lovlyden ein annan.

– Køyrer du elsparkesykkel eller elsykkel raskare enn det forskrifta tillèt medan du er rusa, så vert du meldt for å køyre motorvogn i rusa tilstand, seier Sjøtrø.

Politiet meiner mannen dei stoppa i dag var raskare enn 20 km/t opplyser han. Då dei testa elsparkesykkelen målte dei den til ei toppfart på 29 km/t.

– Har du vore bort i liknande saker som denne før?

– Nei. Det har jo vore mykje debatt rundt elsparkesyklar. Men eg trur dette er den første saka der vi melder nokon for køyring i rusa tilstand på ein elsparkesykkel, seier Sjøtrø.