Hopp til innhold

Uniformert politi til stades på skule etter fleire trugslar

Fleire skular rundt om i landet skal ha motteke trugslar dei siste dagane. I Trøndelag er uniformert politi til stades ved ein skule i Rissa.

Synlig politi passer på elevene ved Åsly skole

FLEIRE TRUGSLAR: Åsly skole har rundt 400 elevar. Etter det NRK erfarer er fleire av elevane heime frå skulen tysdag.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Alle trugslane er kommunisert på same plattform. No koordinerer vi med andre for finne ut kven som sender trugslane. Vi veit ikkje kven som står bak endå, seier Rune Halvorsen som er lensmann i Ørland til NRK.

Nye trugslar på Fosen

Indre Fosen kommune sende måndag kveld ut melding til tilsette og foreldre ved Åsly skole:

«Åsly skole har i kveld mottatt ny melding med trugande innhald. I samråd med politiet har kommunen bestemt å halde skolen open. Uniformert politi vil vere til stades på skolen for å vareta tryggleiken til elevar og tilsette.»

– Foreldra er informert at det er eit trugselbilete og at det difor også er politi til stades for å ta vare på tryggleiken. Vurderinga frå politiet er at det er trygt å vere på Åsly skole, seier ordførar i Indre Fosen Bjørnar Buhaug.

Bjørnar Buhaug er ordførar i Indre Fosen kommune.

Bjørnar Buhaug er ordførar i Indre Fosen kommune.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Foreldre held ungane heime frå skulen

Janne Reinsbakk har ein 11 år gamal son som går på Åsly skole. Ho er ein av fleire som har veld å halde ungane heime grunna trugslane i dag.

– Dei seier at politiet er der for å skape tryggleik, men i mine auge skaper det meir frykt. Korleis kan dei vite til ei kvar tid at det er trygt, lurer Reinsbakk på.

Ho fortel at sonen synest det er skremmande:

– Vi har snakka litt om det. Han er redd, og eg prøvar å roe han med at det er trygt. No får vi vurdere dei neste dagane ut ifrå informasjonen vi får frå skulen.

Kommunen har sett kriseleiing med eit sosialt kriseteam. Elevane er informert om trugslane.

– Det har vore fokus på å tryggje barna. Dei som har spørsmål og treng nokon å prate med skal også bli godt i varetatt, seier Buhaug. Han har full forståing for at enkelte foreldre vel å halde barna sine heime.

Politiet står vakt utenfor Åsly skole i Indre Fosen

Politiet står vakt utanfor Åsly skole i Indre Fosen kommune.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Truleg samanheng

Førre veke melde NRK at fleire skular rundt om i landet har teke imot trugslar. Lensmann Rune Halvorsen bekreftar at desse truleg har ein samanheng.

– Trusselen mot Åsly er uspesifikk. Innhaldet i trugslane som har vore sendt til ulike skular i heile landet varierer, men dei er ganske likelydande.

Vest politidistrikt bekreftar også at dei er kopla på saka.

– Det har i alle fall vore ein trussel førre veke, bekreftar Forebyggande avdeling i Vest politidistrikt til NRK.

Politiet i Trøndelag bekreftar også at dei samarbeider med andre politidistrikt.

Uniformert politi passar på

Trugselen mot Åsly skole i Indre Fosen er det politiet kallar uspesifikk. Dei har valt å ha politipatruljar ved skulen.

– Vi har full forståing for at det skapar frykt når skulen går ut med ei slik melding. No er politiet til stades i Rissa for å skape tryggleik blant folk, seier Halvorsen.

– Er politiet i Rissa væpna?

– Nei, ikkje noko anna enn slik som vi normalt er sett opp som ein vanleg patrulje, seier Halvorsen.