Hopp til innhold

Forsvarer om drapstiltalt: – Ho er ved forbausande godt mot

Kvinna skal ha stukke sambuaren gjentatte gonger i ryggen, brystet og buken. Etter kort tid blødde han i hel.

En person fra politiets krimtekniske avdeling står ved siden av en bil og henter ut noe utstyr

I FJOR: Kriminalteknikar utanfor huset i Namsos der drapet skjedde natt til 23. desember i fjor.

Foto: Kjetil Langeng

Det var natt til 23. desember i fjor at sambuaren til tiltalte vart funnen død i eit hus i Namsos.

I leilegheita var det også to mindreårige barn. Dei var vitne til deler av det som skjedde, opplyste politiet seinare.

Eksteriør bilde av huset

Paret og to barn budde i sokkelhusværet i Namsos.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Meiner ho handla i naudverje

Kvinna i 30-åra vart først sikta for grov kroppsskade med døden til følgje. Basert på bevis i etterforskinga vart siktinga endra til drap tre veker seinare.

Paret kom frå Ukraina via Tsjekkia som flyktningar same hausten. Den drepne i 30-åra var ikkje far til barna hennar.

Mora hevdar ho stakk sambuaren med kniv for å verje seg sjølv og barna.

– Min klient erkjenner ingen straffskuld etter tiltalen, seier advokaten hennar, Rolf Christensen.

I det første fengslingsmøtet på julaftan, hadde sikta ein plasterlapp i panna.

I fleire avhøyr har ho fortalt om eit turbulent samliv med avdøde i Namsos.

– Tema i denne saka er om det er ein situasjon som kan gje straffefritak eller ein reduksjon i straff på grunn av nødverje, seier Christensen.

Les også Skjerper siktelsen: Kvinne siktet for drap

Jarle Wikdahl er aktor i saken.

Jarle Wikdahl er aktor i saka.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Tiltalte er ved forbausande godt mot

Ifølge tiltalen skal kvinna ha stukke sambuaren gjentatte gonger i ryggen, brystet og buken, slik at han fekk stikkskadar i blant anna høgre lunge og levra.

Han blødde i hel etter kort tid.

Rolf Christensen forsvarer kvinna som må møte i retten 18. september tiltalt for drap.

– Ho er ved forbausande godt mot med tanke på livssituasjonen sin. Ho har regelmessig fått møte barna sine og er godt nøgd med at dei ser ut til å ha det bra, seier Christensen til NRK.

I Ukraina er det gjort rettslege avhøyr med ein tidlegare ektefelle og ein sambuar av avdøde. Det er Christensen som har bede om dette for å belyse tiltalte sitt tidlegare liv.

Rolf Christensen

Rolf Christensen er forsvarer for kvinna som meiner ho handla i naudverje.

Foto: Vegard Woll / NRK

– Barna har det etter forholda ganske bra

Det er barnevernet som tek hand om dei to ungane til tiltalte. Faren bur i Ukraina.

– Med tanke på at mor sit i fengsel, så har barna det etter forholda ganske bra. Det seier bistandsadvokat Hege Bjørgum Skillingstad til NRK.

Ungane har forklart seg fleire gonger i tilrettelagde avhøyr om det dei opplevde drapskvelden.

Mor og far til avdøde bur i det austlege Ukraina.

– Dei synest situasjonen er ekstra vanskeleg fordi dei er så langt unna, seier Eli Anne Tanberg Finne. Ho representerer foreldra til offeret.

Det er sett av seks dagar til rettssaka i Trøndelag tingrett i Namsos.