Hopp til innhold

Trur hybridar av denne snart vil spreie seg sør for Arktis

Nye rapportar frå nord i Russland viser at isbjørn og brunbjørn no ferdast på dei same stadene.

Isbjørnen "Frost" «Isbjørn N23992» med barn.

KAN BLI MEIR VANLEG: Klimaendringar fører til at isbjørn og brunbjørn møtest stadig oftare.

Foto: Asgeir Helgestad

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Isbjørnen, som er jordas største rovdyr på land, blir trua av klimaendringar. Og med varmare temperaturar, vandrar også brunbjørnen nærare territoriet deira.

I 2006 vart ein bjørn skoten i det kanadiske polararkipelet, men denne såg ikkje ut som dei andre. Og DNA-testar skulle sidan stadfeste at dyret faktisk var delvis grizzlybjørn og delvis isbjørn.

I åra etter har hybridane, som på engelsk har fått namnet «brolar bears», vore oftare å sjå i Nord-Amerika.

Og no åtvarar forskarar i Sibir om at det same er i ferd med å skje der.

Skilde lag for 500.000 år sidan

– Brunbjørnar bevegar seg inn i tundraen. Dei har vorte sett i dei nedre delane av Kolyma-elva der isbjørnar lever. Det seier forskar Innokentiy Okhlopkov til eit russisk nyheitsbyrå.

Ho meiner det er sannsynleg at ein framover også vil finne hybridar av isbjørn og brunbjørn i dette området.

Dei to artane «skilde lag» for rundt 500.000 år sidan. Og sjølv om det er uvanleg, kan paring mellom dei to føre til fruktbare avkom.

Etter kvart som klimaendringane intensiverer, dukkar nye landområde og matkjelder opp. Dette kan føre til at brunbjørnar bevegar seg lenger nord.

På same måte tvingar smeltande havis isbjørnen innover i landet, noko som fører til at dei to kjempene oftare vil møte kvarandre.

Dette er noko som blir stadfesta av innbyggjarar i det nordlege Russland. Fleire meldingar går nemleg ut på at dei to artane er å sjå på dei same stadene.

I Yakutia-regionen i Sibir skal det vere to isbjørnbestandar som kan avle med brunbjørn.

Men kva betyr eigentleg dette?

Isbjørn

Isbjørnen bruker havisen for å finne mat, og isen forsvinn. Så mykje som 30 prosent av isbjørnane i verda kan vere borte innan 2050, ifølgje WWF.

Foto: Nick Cobbing/Norsk Polarinstitutt

Vil ha konsekvensar

Torfinn Ørmen er zoolog og førstelektor ved OsloMet. Han seier problematikken har vore kjend i ein del år, og at isbjørn og brunbjørn er meir like enn pelsfargen kanskje skulle bety.

Isbjørnane nedstammar nemleg frå brunbjørnar, og kjem opphavleg frå øyane utanfor Alaska, forklarer Ørmen.

Men zoologen har hittil ikkje høyrt om hybridar i Russland.

Om så, er situasjonen dokumentert å vere sirkumpolar, ikkje berre nokon slengjarar i Alaska. Dette skjer i stor skala.

Og det vil ha konsekvensar.

Torfinn Ørmen

Torfinn Ørmen er zoolog og førstelektor ved OsloMet.

Foto: Ulla Schildt

– Dei kan «forsvinne»

Det som kan skje er at isbjørnane «forsvinn» ved at dei blir ein del av dei lokale brunbjørnbestandane. Men gena deira forsvinn ikkje. Ved kjøligare klima i framtida kan isbjørnforma dukke opp på ny på grunn av seleksjon, seier han til NRK.

Men då vil han ikkje vere den same. Det vil vere gen frå brunbjørn med på lasset.

For nokre år sidan konkluderte forskarar med at dette faktisk har skjedd tidlegare. Klimaforholda har svinga mykje gjennom dei siste periodane, med både nedkjøling og varmare mellomistider.

Likevel meiner zoologen at situasjonen i dag er verre enn før. Problemet no er at desse klimatiske endringane skjer såpass raskt.

– Då kan bestandar av isbjørn miste livsgrunnlaget og døy ut før det blir nok lysebrune hybridar til å redde genmaterialet, seier Ørmen.

Grizzlybjørn

Grizzlybjørn er ein underart av brunbjørn som lever i Nord-Amerika. Den er også kjend som gråbjørn.

Foto: Jim Urquhart / Reuters

Er det likevel håp?

Nokre studiar anslår at isbjørnen kan vere nær utrydding innan 2100. Bortsett frå nokre få einsame underpopulasjonar i dei nordlegaste delane av Arktis.

Og dersom mange nok av dei attlevande isbjørnane blandar seg med brunbjørn, kan den reine arten forsvinne endå tidlegare.

I motsetning til isbjørn, som stort sett lever av spekk og kjøtt, har brunbjørn eit meir variert kosthald. Dei et omtrent alt dei kan få labbane på, noko som betyr at dei sannsynlegvis vil takle eventuelle miljøendringar betre.

Isbjørnar er ikkje like tilpassingsdyktige, ifølgje ekspertane. Kanskje nye gen frå brunbjørnen då ikkje er det dummaste?

Ein dag kan dei kanskje representere ein heilt ny art, spekulerer forskarar.

I dette området nord i Russland, trur forskarar det er sannsynleg at nye hybridar kan dukke opp.