Hopp til innhold

Truleg meir "Blåfjell" neste år

Gode publikumstal gjer at vi truleg får møte Blåfar, Turte og Rødnissejenta i Stiklestad-amfiet også neste år.

Pressevisning på Stiklestad tirsdag kveld.

16 000 har sette familieframsyninga "Jul i Blåfjell" i år. Det gjer stykket til tidenes publikumssuksess i Nord-Trøndelag og opnar døra for at stykket blir sett opp på nytt neste år.

- Eg er stolt over det vi har fått til, men vi kjem sikkert til å gjere nokre betringar til neste år. Det er heilt avgjerande at vi har fått rettane, seier teatersjef  ved Nord-Trøndelag Teater, Anderz Døving, til Adresseavisen.

Nordtrøndersk dugnad

Det er Nord-Trøndelag Teater og Verdal Teaterlag som har sett opp stykket "Jul i Blåfjell". Teaterstykket er basert på NRKs julekalendar ”Jul i Blåfjell”, som er produsert av NRK Barne- og ungdomsavdeling.

Paul Ottar Haga og Grete Kausland er kjent som "Blåfar" og "Mamsen" i julekalendarserien. Dei har også gitt liv til dei same rollane i teaterframsyninga i Verdal.

Regissør og teatersjefen syns det vil vere leit om stykket ikkje blir sett opp igjen neste år.

- Det er lagt ned store ressurser i scenografi og kostymer som vi kan bruke igjen, seier Døving til Adresseavisen.

Rollelista til "Jul i Blåfjell"

Blåfar: Paul Ottar Haga
Mamsen: Grete Kausland
Turte: Tone Søyset Døving, mellom anna kjent frå "Ei ny tid", "Café Isogaisa" og frå gruppa "Famntak" som slepp ny cd i haust.
Tvilling: Ola Fjellvikås, songar frå Steinkjer. Kjent frå "Nisse" i "Sancthansnatten".
Rødnissejenta: Evy Kasseth Røsten frå Malm. Kjent frå "Sancthansnatten".
" Lillegutt": Geir Holmen

Resten av rollane er det aktørar ved Verdal Teaterlag som skal fylle.