Hopp til innhold

Trondheim kommune betaler erstatning til mobbeoffer

Trondheim kommune har inngått avtale med 19 år gamle "Anne" som vart så plaga på ungdomsskulen at ho utvikla posttraumatisk stressliding og vart medisinsk invalid.

"Anne" mobbesak

«Anne» får erstatning frå Trondheim kommune. Avtalen skal godkjennast i formannskapet tysdag.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Erstatningssummen er konfidensiell etter avtale mellom partane.

Forliket inneheld også ein del andre punkt som kommunen har forplikta seg til å oppfylle.

I sommar fortalde NRK Trøndelag historia om "Anne" som vart utestengd og utsett for massiv digital mobbing då ho byrja på ungdomsskulen.

– Alle har like mykje rett til å gå på skule

«Anne» seier til NRK i dag at ho er opptatt av at det ho opplevde ikkje skal skje med andre. Ho ønskjer at kommunen skal lære av saka hennar.

– Alle har like mykje rett til å gå på skule. Ingen elev skal kjenne seg mindreverdig, men bli tatt på alvor.

Foreldra til «Anne» meiner Trondheim kommune ved å godta heile avtalen har tatt eit steg i rett retning og tek ansvar for overgrepa som skjedde mot dottera.

Ungdom og mobilar

I «Anne» sitt tilfelle føregjekk mykje av mobbinga via mobil og sosiale medium.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– «Anne» har endeleg vorte høyrd. Men det er ingen vinnarar i slike saker. Tapt skulegang i fortid og framtid, manglande sosialisering med medelevar og ei øydelagd ungdomstid kan aldri erstattast eller reparerast, seier foreldra.

Dei rår andre som slit med å nå fram når barna deira blir plaga til å ikkje gje opp. Det er også god hjelp å kontakte andre som har vore gjennom det same.

I «Anne» sitt tilfelle føregjekk mykje av mobbinga via mobil og sosiale medium.

– Sørg for å dokumentere med skjermdump det barnet blir utsett for. Ta notat frå all kommunikasjon med og be om skriftleg referat frå møta med skule og andre i kommunen. Ha med truverdige personar som vitne i alle møte, seier far til «Anne».

– Ofte må det sterk lut til, diverre

Arvid Kjærvik er advokat for «Anne» og familien hennar. I vår bestemte dei seg for å gå til erstatningssøksmål mot Trondheim kommune. Først då kom kommuneadvokaten i Trondheim på banen, opplyser Kjærvik.

Saka var beramma i Sør-Trøndelag tingrett 4. desember og skulle gå over fire dagar.

– Det er belastande for familien at dei måtte gå så langt som å bu seg på å møte kommunen i retten. Etter 2012 har norske kommunar stort sett tapt alle mobbesaker, så det er noko lettare å få til forhandlingar enn berre for eit år sidan, seier Kjærvik til NRK.

Etter ein dom i Høgsterett i 2012 har skuleeigar plikt til å sette inn tiltak direkte mot mobbarane.

Om forliket seier Kjærvik at det totalt sett var meir gunstig for «Anne» å forlike saka enn å ta den til retten.

Seinast i oktober vart ein kommune dømd i lagmannsretten til å betale erstatning til ein elev.

Godkjenner avtale med «Anne» tysdag

Tysdag skal politikarane i lukka møte i formannskapet godkjenne avtalen. Før det skjer er ikkje saka endeleg løyst, understrekar advokat Kjærvik.

Camilla Trud Nereid er kommunaldirektør for oppvekst og utdanning i Trondheim kommune. Ho vil ikkje kommentere innhaldet i forliket utover å seie at kommunen er nøgde med å ha kome fram til ei løysing som begge partar kan vere nøgde med.