Bronseplass til Keep of Kalessin

Keep of Kalessin blei nummer tre i den norske finalen i Melodi Grand Prix i Oslo Spektrum.

Keep of Kalessin

Keep of Kalessin nådde ikkje opp i konkurransen mot Didrik og A1.

Foto: Øystein Sanne / NRK

Trondheimsbandet gjekk vidare til Gullfinalen med låta The Dragontower, men måtte sjå seg slått av både vinnaren Didrik Solli-Tangen og A1.

– Er det sant, dette er heilt sjukt, sa Solli-Tangen rett etter at han var kåra til vinnar.

Heltar på Ørlandet

Keep of Kalessin fekk i alt 241.164 stemmer frå det norske folket. Frå byjuryen på Ørlandet fekk dei full pott med 8.000 stemmer. Sarpsborg likar også metall best, og gir The Dragontower 8.000 stemmer.

– Det er heilt sinnssjukt. Vi har alt vunne så mykje på dette, at det er heilt vilt, sa låtskrivar og gitarist Arnt Grønbech då gullfinalebilletten var sikra.

Alt for Noreg

Den internasjonale finalen går av stabelen i Telenor Arena i Oslo 29. mai.

Der vil operasongar Didrik Solli-Tangen frå Heistad utanfor Porsgrunn gjere sitt beste for at songen My Heart is Yours skal gå heilt til topps.

– Heilt fantastisk, eg skal gjere mitt beste når eg representerer Noreg i mai, lovar han på direkten.

My Heart is Yours er skriven av dei erfarne låtskrivarane Fredrik Kempe og Hanne Sørvaag.