Tre fisketuristar var meldt sakna – funne i god behald på skjær

Det vart torsdag kveld sett i gong ein redningsaksjon på Folda i Trøndelag. Fisketuristane vart funne i god behald av redningshelikopteret på eit skjær.

SAKNA: Det vart sett i gong redningsaksjon etter at tre fisketuristar vart meldt sakna på Folda i Vikna i Trøndelag.

Dei sakna er funne på eit skjær av Sea King, og dei har ikkje behov for legetilsyn, skreiv politiet på Twitter like før klokka 22.30.

– Fisketuristane hadde sagt at dei skulle mot Rørvik. Dei blei funne ståande på eit skjær. Båten var trekt opp på skjæret, fortel redningsleiar Eirik Walle ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.

Alle tre framstår som uskadde, og dei blir no frakta til Rørvik av redningshelikopteret frå Ørland. Turistane skal vere frå Sør-Europa.

Sette i gong leiteaksjon

– Vi fekk melding klokka 20.08 om at ein båt med fisketuristar ikkje hadde returnert som planlagt til der den blei leigd frå på Flatanger. Vi har no sett i gong ein redningsaksjon, sa operasjonsleiar Trond Volden i Trøndelag politidistrikt til NRK like før klokka 22.

Båten på 20 fot blei sist observert ved Nylandskjæret i Rørvik klokka 14.30 i ettermiddag. Etter det hadde ein ingen sikre observasjonar av båten, ifølge politiet.

Dei to redningsskøytene Harald V frå Rørvik og SRK Hvaler frå Namsos deltok i søket saman med Fjordskyss og redningshelikopteret Sea King frå Ørland.

Krevjande vêrforhold

Politiet meldte om lett nedbør og kraftig vind på staden.

Redningsskøyta Harald V var i området der båten sist blei observert.

– Det er krevjande vêr å leite i. Båten vart observert på eit skjær av Sea King sør for Rørvik. Leiteaksjonen er no avslutta, fortalde skipsreiar Thor Audun Sætran på redningsskøyta Harald V til NRK klokka 22.20.