Hopp til innhold

Politiet: Jaktar gjerningsperson etter knivstikking i Trondheim

To menn fekk alvorlege skader i to knivstikkingar i Trondheim laurdag kveld. Ein 18-åring er sikta i den eine saka.

Politiets krimtekniker ved Ila i Trondheim etter knivstikking

UNDERSØKINGAR: Politiet sine krimteknikarar var på plass ved åstaden i Ila natt til søndag.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

  • Ein person vart knivstukken på Møllenberg ved 21-tida laurdag. Gjerningspersonen på Møllenberg er ikkje tatt.
  • Ein 18-åring er pågripen og sikta for knivstikkinga i Ila. Knivstikkinga skjedde i 22-tida.
  • Politiet trur ikkje det er samanheng mellom dei to hendingane.

Ved 03.30-tida i natt opplyste politiet at tilstanden for dei to knivoffera er alvorleg, men at ingen av dei er livstruande skadde.

Væpna politi jaktar søndag framleis på ein eller fleire gjerningsmenn.

Tenåringsgut knivstukken

I ei pressemelding skriv politiet at ein mann i 20-åra som vart knivstukken på Møllenberg, er alvorleg, men ikkje livstruande skadd.

Det andre offeret, ein gut i slutten av tenåra, som vart knivstukken i Ila litt seinare på kvelden, er og alvorleg, men ikkje livstruande skadd. Begge dei to er innlagde på St. Olavs hospital.

Ein mann er arrestert i samanheng med Ila-hendinga. Han er sikta for grov kroppsskade.

Det er så langt ikkje noko som tyder på at dei to hendingane har nokon samanheng, opplyser påtaleansvarleg i Trøndelag politidistrikt, John R. Sødahl Furunes.

Politi med hund søker etter spor etter knivstikking i Ila i Trondheim

SØK: Politi med hund søker etter spor frå knivstikkinga i Ila.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Politiet rykte ut med alt tilgjengeleg mannskap etter at dei to mennene vart knivstukne på Møllenberg og i Ila i Trondheim med ein times mellomrom laurdag kveld.

Fann den skadde i gata på Møllenberg

Då alarmen gjekk på Møllenberg, like aust for sentrum, var væpna politi raskt på staden og sperra av eit område mellom Nedre Møllenberggate og Gamle Kongevei.

– Vi fekk melding klokka 21.02 om ein skadd mann. Vi fann han i gata, og han vart køyrt til St. Olav, fortalde innsatsleiar Jomar Sjøhagen til NRK.

Politiet sine krimteknikarar kom seint laurdag kveld til åstaden på Møllenberg.

KRIMTEKNIKARAR: Politiet sine krimteknikarar kom seint laurdag kveld til åstaden på Møllenberg.

Foto: Bjørn Alexander / NRK

Politiet har utover kvelden og natta avhøyrt ei rekke vitne på Møllenberg, og har søkt i området, men ingen er arresterte der.

Like før klokka 23.30 starta krimteknikarar tekniske undersøkingar på åstaden på Møllenberg. Dei sette mellom anna opp markørar i gata og tok bilete. Utover natta har dei gjort undersøkingar i ein bustad like ved funnstaden.

– Det er gjort ein god del vitneavhøyr med naboar og ein innleiande samtale med den fornærma. Men han er ikkje avhøyrt, opplyser politiadvokat Anne Haave i Trøndelag politidistrikt søndag morgon.

– Ingen indikasjonar på samanheng

Operasjonsleiar Roger Mogstad fortel at då politiet fekk melding om knivstikkinga i Ila og kom til staden, fekk dei tak i ein mistenkt mann ganske raskt.

– Der klarte vi å lokalisere ein mogleg gjerningsmann og fekk arrestert han, seier Mogstad.

Knivstikkinga skal ha skjedd innandørs.

– Vi har ikkje opplysningar om at det har vore vitne til sjølve hendinga, seier Haave søndag.

Ho ynskjer ikkje å kommentere om det er ein relasjon mellom sikta og fornærma i Ila.

Innsatsleder Bjørn Sellgren, politi Trondheim

ILA: Innsatsleiar på åstaden i Ila, Bjørn Sellgren.

Foto: Bjarte Johannessen / NRK

Den unge mannen som var funnet knivskadd i Ila, vart også frakta til St. Olavs hospital.

Ifølgje innsatsleiar Bjørn Sellgren opplyste sjukehuset først at han fekk behandling som at han var kritisk skadd. Men no er han altså utanfor livsfare.

Sellgren seier til NRK at mannen som vart arrestert i Ila, ikkje er mistenkt for den første knivstikkinga på den andre sida av byen.

Det vert no stadfesta av påtaleansvarleg.

– Vi har førebels ingen indikasjonar på at desse to hendingane har noko med kvarandre å gjere, seier Sødahl Furunes.

Politi i Ila etter knivstikking, Tronsheim

ARRESTERT: Ein mistenkt mann vart arrestert i Ila etter knivstikkinga.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Såg politi med våpen

NRK sin reporter på Møllenberg fortel at det var minst fem politipatruljar i området. Det var også fleire legevaktbilar og ambulanse på staden.

Møllenberg er eit bustadområde sentralt i Trondheim på austsida av Nidelven.

– Klokka 21.10 stakk eg hovudet ut for å sjå på blålyset som lyste i gata. Der var det ein ambulanse og politi med våpen, fortel eit augevitne til NRK.

Vitnet fortel at det låg ein skadd person på bakken.

– Om lag 15 minutt seinare prøvde politiet å kome seg inn i eit hus like ved, opplyser vitnet til NRK.

Knivstikking i Trondheim

VÆPNA: Alt tilgjengeleg mannskap frå politiet jobbar laurdag kveld med knivstikkingane i Trondheim.

Foto: Ned Alley / NTB

Leita med hund

Ved 01-tida i natt vart sperrebanda fjerna på Møllenberg. Politiet var då framleis inne i ei leilegheit og gjorde undersøkingar.

I Ila dreiv politiet på med hundesøk langs Osloveien ved totida. Ved tretida kom kriminalteknikarar til staden i fleire bilar.

I pressemeldinga skreiv politiet at etterforskinga ville halde fram utover natta.