Hopp til innhold

Fann fleire knivar heime hos mann som er sikta for drapsforsøk

Mannen i 20-åra som er sikta for drapsforsøk i Trondheim, hadde fleire knivar heime i leilegheita si. Han nektar straffskuld og ville ikkje forklare seg i fengslingsmøtet måndag.

Fengslingsmøte etter drapsforsøk i Trondheim. Anne Haave tv, Dommerfullmektig Bjørn flemming Iversen og forsvarer Jasmn Gheshlaghi

FENGSLINGSMØTE: Anne Haave, dommarfullmektig Bjørn Flemming Iversen og forsvarar Jasmn Gheshlaghi i retten i dag.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Måndag vart han varetektsfengsla i inntil fire veker.

Ein mann i 30-åra vart laurdag kveld send til St. Olavs hospital etter det politiet kalla ei «alvorleg valdshending» i eit bygg i Trondheim med fleire leilegheiter.

Fornærma er ikkje livstrugande skadd, ifølgje politiet.

Les også Etterforsker drapsforsøk i Trondheim

Krimteknikere ankommer et åsted i Trondheim etter varsel om alvorlig hendelse

Fornærma har forklart seg konkret om hendinga

Politiadvokat Anne Haave opplyste i retten at fornærma har forklart seg konkret om korleis sikta handla før og under valden.

Haave opplyste at sikta vart pågripen i leilegheita si som også er åstaden for hendinga.

Politiet har så langt ikkje ville seie noko om korleis skadane på fornærma har oppstått.

To menn vart arresterte etter hendinga. Den andre er sikta for å ha forlate fornærma i hjelpelaus tilstand. Han får behandling av helsevesenet.

Kvelden før var det også ein episode der dei to sikta og fornærma var innblanda, opplyste Haave under fengslingsmøtet.

Truga butikktilsette med kniv

Sikta sa i retten at han er sliten og bad seg lauslaten.

For halvanna veke sidan skal mannen også ha truga tilsette på ein butikk på Ranheim.

Saman med ein annan skal sikta ha freista å stele øl.

Utanfor greidde ein tilsett å få tak i sikta og bad han opne sekken sin. Då trekte sikta kniv og sa «Du skal døy» eller liknande.

Butikkmedarbeidaren let derfor mannen gå.

Heime hos sikta vart det funne ti ølboksar som sannsynleg stamma frå butikktjuveriet same kvelden.
Han er derfor også sikta for grovt ran, ved bruk av kniv.

I leilegheita vart det då også funne fleire knivar, opplyste aktor i fengslingsmøtet.

To krimteknikere på veg ut døra etter undersøkelser på åsted. Bærer på utstyr og beslag gjort på stedet.

BESLAG: Fleire gjenstandar vart tatt med av politiet frå åstaden på Ranheim sundag.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Rusvanskar og tvil om sikta er tilrekneleg

Sikta har sidan 2020 fått hjelp i eit kommunalt prosjekt for ungdom med rusvanskar.

Ein representant frå kommunen vitna i fengslingsmøtet og meiner sikta er motivert for rusbehandling.

Sikta var allereie tiltalt for fleire valdsepisodar og trugsmål då drapsforsøket skjedde på Ranheim laurdag.

– Trass ei komande rettssak, heldt han fram med rusmisbruk, trugsmål og vald for simpel vinning, påpeika politiadvokaten i retten.

Aktor viste til faren for at sikta ville utføre nye straffbare handlingar om han ikkje blir fengsla til rettssaka kan gjennomførast.

Psykiatrar som har undersøkt sikta to gonger i løpet av dei siste tre månadene er i tvil om han er tilrekneleg.

Treng helsehjelp han ikkje vil få i varetekt

Forsvarar Jasmin Gheshlaghi viste til at sikta ønskjer å få rusbehandling og kan få plass allereie tysdag.

I varetekt vil han ikkje få verken rusbehandling eller helsehjelp som han treng. At det også er tvil om sikta er tilrekneleg, styrkar at han ikkje bør varetektsfengslast, meiner forsvarer.

Trøndelag tingrett meiner historikken til sikta viser at terskelen hans for å truge og gjennomføre trugsmåla har vorte stadig lågare. Faren for tilsvarande straffbare handlingar er derfor til stades om han ikkje blir fengsla.

Helsehjelp må vike av omsyn til samfunnsvernet

Helsehjelp må vike av omsyn til samfunnsvernet, meiner retten.

Det skal gjerast ei fullstendig psykiatrisk undersøking av sikta før den planlagde rettssaka som også gjeld forholda han alt er tiltalt for. Psykiatrane som så langt har undersøkt sikta er i tvil om han har ei alvorleg sinnsliding eller symptom som skuldast rus.

Retten har så langt kome til at det er meir sannsynleg at sikta er strafferettsleg tilrekneleg enn at han ikkje er det.

Sikta kan derfor sitte i varetekt inntil påtalemakta eller retten bestemmer noko anna, men ikkje ut over 21. mars.

Etter ønske frå pressa vart referatforbodet oppheva.