Kvinna er tiltalt for uaktsamt bildrap på guten, som var sonen hennar og var passasjer i bilen. Ho er òg tiltalt for aktlaus køyring, køyring i påverka tilstand og for å ha brukt narkotika.
Fann narkotiske stoff i blodet
Ulykka skjedde 26. januar i år, ved Bjørkøybekken i Orkdal. Bilen som kvinna køyrde, fekk skrens og kom over i motgåande køyrefelt, og frontkolliderte med ein møtande bil.
– Det er ein sak påtalemakta ser på som svært alvorleg. Vi meiner at ho har køyrt i ruspåvirket tilstand og har køyrt på ein slik måte at ein person har omkomme og at fleire er blitt skadd. Hun er sterkt å klandre på at ho i heile tatt har sett seg inn i bilen i ruspåvirket tilstand, seier aktor Charlotte Aspehaug.
Den 14-årige sonen døydde av skadane han fekk i kollisjonen. Det viste seg at kvinna var påverka av narkotika. Det er påvist narkotiske stoff i blodet hennar, og dette er utgangspunktet for den alvorlege tiltalen.
Erkjenner bruk av hasj
I Sør-Trøndelag tingrett tysdag erkjente kvinna å ha røykt hasj tre dagar før ulykka. Ho huskar det ikkje sjølv, men er blitt fortalt at ho gjorde det.
Ho seier i retten at ho har hatt det svært tungt etter ulykka, og at ho slit med hukommelsa.
Kvinna er tidlegare rusmisbrukar, og var under oppfølging med legemiddelassistert behandling da ulykka skjedde. Sonen var i fosterheim.
Sterkt preget av hendinga
– Ho har naturleg nok hatt det veldig tøft i tida etter ulykka da sonen hennar omkom. Denne dagen er noko ho har gruet seg til lenge, seier forsvarer Annette Barlinn.
Kvinna og sonen skal ha hatt et nært forhold.
– Eg opplever at denne saka er ein enorm belastning for henne både før og også nå under sakens gang, seier Barlinn
Dei to personane som sat i bilen som kom imot, vart òg skadd i kollisjonen.
Det er sett av to dagar til rettssaka.
Det er ventet dom om ei ukes tid.