Hopp til innhold

Utvidar siktinga for tre av dei involverte

Tre av dei sikta i saken kor ein litauisk mann døydde i Steinkjer, skal i fengslingsmøte tirsdag. Siktinga er utvida til å gjelde lekamsskading med døden til følge, også for kvinna som tidlegare var sikta for å ha gitt falsk forklaring.

Fengslingsmøtet er i gang

Det er beramma tre fengslingsmøter tirsdag. Det første startar klokka 12.

Foto: Kristin Haug-Smith / NRK

Stort presseoppbud i fengslingsmøte Steinkjer

Det var stort presseoppbod før fengslingsmøtet i Inntrøndelag tingrett. Aktor Trude Skogen ville ha stengde dører, men fekk ikkje medhald.

Foto: Kristin Haug-Smith / NRK

Fire personar er sikta etter at ein 44-årig litauisk mann døde på ein privatfest i Steinkjer sundag morgon.

Tre menn vart sundag sikta for vald eller medvirkning til vald. Ei kvinne vart sikta for å ha gitt falsk forklaring til politiet. Politiet omtaler dødsfallet som «mistenkeleg».

No er siktinga mot to av mennene – og kvinna – utvida til også å gjelde lekamsskading med døden til følge.

Utvider siktingane

Advokat Tore Welde er forsvarar for kvinna, og han bekreftar til Trønder-Avisa at det er rett at siktinga blir utvida.

– Eg har ikkje snakka med klienten min enno og har nettopp fått papira i saka. Eg skal ha ein kort prat med ho før fengslingsmøtet startar klokka 12.00, seier Welde til Trønder-Avisa.

Tre av dei sikta skal i fengslingsmøter tirsdag. Det gjeld to menn og ei kvinne, opplyser politiet.

Ut frå berammingslista til Inntrøndelag tingrett blir siktingane utvida til å gjelde Straffelova paragraf 229; lekamsskading med døden til følge.

Den fjerde personen som er sikta i saka er sett fri, men politiet opprettheld siktinga mot han, altså vald eller medverknad til vald.

Politiadvokat Trude Skogen er aktor i alle sakene som skal handsamast i dag. Forsvararane er Tore Welde, Kjell Horseng og Trond Peder Nilsen.

Skogen bad om at fengslingsmøtet som starta klokka 12 skulle gå for stengde dører. Trønder-Avisa og Adresseavisen klaga på det, og fekk medhald. Møtet gjekk altså for åpne dører, men med referatforbod.

Politiet kom etter melding om bråk

Mannen vart funnen død utanfor bustaden, delvis under verandaen. Politiet kom til staden i femtida sundag morgon, etter å ha fått melding frå naboar om bråk og uro.

Fem personar vart tatt med for avhøyr, den eine av dei viste seg å vere kona til mannen som døydde. Ho har fortalt til Trønder-Avisa at ho vart kasta ut frå festen.

Har bedt Kripos om hjelp i etterforskinga

Kripos: Har rett og slett ikke kapasitet

Krimteknikere undersøker åstedet

Etterforskinga i saka held fram. Tirsdag føremiddag var krimteknikarar på staden der dødsfallet skjedde.

Foto: Kristin Haug-Smith / NRK