Hopp til innhold

Mann (44) frå Litauen døydde

– Det var ein litauisk mann på 44 år som døydde i Steinkjer sundag morgon, opplyser politiet. Kona hans var blant dei som var til stades da mannen døydde. Ei kvinne er sikta for å ha gitt falsk forklaring til politiet.

Mann funnet død i Steinkjer

Mannen vart funnen hardt skadd utanfor ei bustadblokk i Steinkjer, han døydde av skadane. Politiet har undersøkt staden.

Foto: Terje Næss

Til saman fem personar vart tatt med til politistasjonen etter at ein mann vart funnen hardt skadd og seinare døydde av skadane ved ein privatbustad like ved Tingvold hotell i Steinkjer tidleg sundag morgon.

Politiet rykka ut dit etter å ha fått melding om festbråk. Da dei kom dit, fann dei mannen på bakken utanfor ei bustadblokk. Han vart meldt død på staden av lege.

Mannen er 44 år, familiefar, kjem frå Litauen og er busett i distriktet, opplyser politiet.

Får tilbod om krisehjelp

Tre menn i 40- og 50-åra er sikta etter paragraf 228 i straffelova, første ledd, for å ha utført vald mot den døde, eller å ha vore med på det.

Ei kvinne er sikta for å ha gitt falsk forklaring til politiet.

Desse fire er alle norske statsborgarar.

Les: Tre menn siktet i saken

Den femte som vart tatt med til politistasjonen, er kona til mannen som døydde. Ho er òg frå Litauen.

Det viser seg at ho var til stades i leilegheita da mannen omkom.

– Ho har forklart seg som vitne, og får tilbod om helsemessig oppfølging, seier Gunnar Solli, fungerande stasjonssjef ved Steinkjer politistasjon.

– Er i innleiande fase

Politiet er ferdige med dei tekniske undersøkingane på staden, men leilegheita er ikkje frigitt enno.

Mannen som døydde skal bli obdusert. Politiet reknar med at det vil ta nokre dagar før det kjem ein førebels obduksjonsrapport.

Gjennom dagen har politiet sett inn store ressursar for å finne ut kva som gjekk føre seg i morgontimane. Dei har mellom anna gjennomført avhøyr og rundspørjing i nabolaget.

– Vi er i ein innleiande fase, og det står att mykje arbeid for å finne ut kva som var årsaka til dødsfallet, seier Solli.