NRK Meny

Streik i barnehage i Inderøy

Tre fagorganiserte barnehagetilsette i Elvebakken barnehage i Inderøy er i streik frå dag, etter brot i tvungen mekling med riksmeklar, i går kveld. Eigar og styrar i den private barnehagen seier ho ikkje har råd til å oppfylle tariffkravet, da må barnehagen legge ned. Eigar vil no prøve å drive vidare med fem uorganiserte. 28 barn går i barnehagen.