Hopp til innhold

Stor prisforskjell mellom tog og buss: Her må du ut med ein hundrelapp ekstra

Ein billett på tog og buss skulle koste det same, men togbilletten kostar over tre gonger så mykje. No vil billettselskapet få på plass ei mellombels løysing.

Tog i Steinkjer

STOR PRISFORSKJELL: Dersom du kjøper ein enkeltbillett til dette toget må du ut med over tre gonger så mykje som for ein enkeltbillett med buss på same strekning.

Foto: Morten Andersen / NRK

Ein togtur til 147 kroner eller ein busstur til 42 kroner? Valet er kanskje ikkje så vanskeleg.

Frå 4. oktober 2021 innførte Miljøpakken harmoniserte takstar på enkeltbillettar i kollektivtrafikken frå Melhus kommune i sør og Stjørdal kommune i nord.

Problemet er berre at ordninga framleis ikkje er gjennomført for tog. Dette fører til store prisforskjellar.

Det er drygt 100 meter mellom busshaldeplassen og togperrongen ved skysstasjonen i Melhus.

Vel du å kjøpe ein enkeltbillett på toget herifrå til Stjørdal, må du ut med 147 kroner. Om du vel buss er prisen 42 kroner.

Folk kjøper togbillettar

BILLETTKJØP: Togbilletten blir vesentleg dyrare enn bussbilletten om du ikkje har periodebillett.

Foto: Morten Andersen / NRK

Ordførarane er utolmodige

Det vart sett av 13,5 millionar for å få lik takst på enkeltbillettar – slik det allereie er for periodebillettar.

– Vi ventar. Det politiske vedtaket er gjort. Pengane er sett av. Men det er ikkje innført, seier Melhus-ordførar, Jorid Jagtøyen (Sp).

Jorid Jagtøyen, ordførar i Melhus kommune

ORDFØRAR: Ordførar Jorid Jagtøyen (Sp) i Melhus fortel at det er sett av 13,5 millionar for å få same takst på enkeltbillettane.

Foto: Morten Andersen / NRK

Varaordførar i Stjørdal, Ole Hermod Sandvik (H) synest det er overraskande at det tar så lang tid.

– Eg er veldig utolmodig. Eg var sikker på at vi skulle ha det på plass før årsskiftet. Eg vart veldig skuffa då vi fekk signal om at dette kunne ta opptil fleire månader.

For å få fleire til å velje kollektivtransport framfor bilen, har ein i fleire år kunne reist til ein overkommeleg penge med periodebillett i Trondheimsregionen.

Men endra reisevanar gjer at periodebillettar kan vere ugunstig for enkelte.

– Eg forstår ikkje kvifor dette tek så lang tid. Her må nokon ta tak, og sørge for å få ordna det. Då peikar pilene på Entur, som har oppdraget. Dei må forklare kva som er problemet, meiner Sandvik.

Varaordførar i Stjørdal, Ole Hermod Sandvik (H)

VARAORDFØRAR: Varaordførar Ole Hermod Sandvik (H) i Stjørdal forstår ikkje kvifor det tek så lang tid å få billettsystemet på plass.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Krevjande jobb

Det statleg eigde Entur har ansvaret for å utvikle nye, samordna løysingar for heile kollektiv-Noreg – både i form av billettordningar og reiseplanlegging.

Noko som er krevjande, ifølge kommunikasjonssjefen i Entur, Ragnhild Skaara Imset.

– Grunnen til at det ikkje er på plass i dag, er at det er ein ganske krevjande jobb når forskjellige selskap med forskjellig teknologi og standard for takst og billettering skal inngå eit prissamarbeid.

Heller ikkje gjennomgåande reiser på enkeltbillettar er på plass. Ei reise der ein kombinerer buss og tog kan koste over tre gonger så mykje som det politikarane vart einige om i byvekstavtalen.

Dette gjer at toget blir eit mindre attraktivt val for reisande.

Kommunikasjonssjef i SJ Norge, Hilde Lyng skulle gjerne sett at løysinga var klar.

– For SJ betyr det at kundane ikkje har fått moglegheita til å reise på enkeltbillett til 42 kroner for ein vaksen innanfor sone A. Det er synd at dette ikkje har vore mogleg enno, sidan det er bestemt.

Sonekart for AtB

SONEKART: Ein enkeltbillett i sone A skal koste det same uansett om du reiser med tog eller buss. Det gjer det ikkje no.

Foto: Skjermdump frå AtB / 24.01.22, kl. 18:53

Går for plan B inntil vidare

Entur må ha ein teknisk plattform på plass for billettsal. Systemet vil kanskje ikkje vere på plass før til sommaren.

– Eg forstår at det er veldig frustrerande for dei reisande. Entur jobbar for at det skal vere enklare å reise kollektivt. Dette har høg prioritet hos oss, og hos dei andre kollektivselskapa, fastslår Imset.

Transportselskapet AtB har allereie eit fungerande billettsystem for reisande som kjøper enkeltbillettar på buss.

– Kan ikkje ein gyldig enkeltbillett hos AtB også vere gyldig på toget – som ei kortsiktig løysing?

– Det var eit bra forslag, seier Melhus-ordføraren.

Buss i Melhus

BUSS: Ein busstur er eit langt billegare alternativ dersom du skal kjøpe enkeltbillett.

Foto: Morten Andersen / NRK

Entur har store planar for den nye nasjonale reiseplanleggaren dei utviklar, men no går dei for plan B for å løyse takstfloken i Trondheimsregionen.

Dersom alle brikkene no fell på plass, kan det snart bli vesentleg billegare å reise også med enkeltbillett.

– Det er ei permanent løysing som tek litt lenger tid å få på plass, og så er det ei mellombels løysing som dei reisande kjem til å få glede av. Den er like rundt hjørnet, lovar Imset.