Hopp til innhold

Staten ankar ikkje Lian-dom

Staten ankar ikkje dommen kor eit Trondheims-ektepar fekk medhald i at det offentlege feilaktig hadde klassifisert eigedommen deira ved Lian restaurant i Bymarka som fritidshus. Det skriv trondheim24.no. Dommen slår fast at huset er ein heilårsbustad. Trondheim kommune vil likevel ikkje gå gjennom reguleringsplanen for å rydde opp i liknande saker. Det kan bety fleire rettssakar frå eigarar av tilsvarande eigedomar på Lian nekta brukt som heilårsbustad.