Hopp til innhold

Sikta for fleire valdtekter av barn under 14 år

Mannen i 40-åra hadde ein falsk profil på Snapchat der han gav seg ut seg for å vere ei ung jente. Her tilbaud han seg å hjelpe jenter med å selje sexbilete.

Sentrum politistasjon Trondheim

UTVIDA SIKTING: En mann frå Stjørdal er sikta for grov valdtekt av eitt barn under 14 år med strafferamme på 21 års fengsel.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

I over eitt år har politiet i Trøndelag etterforska saka etter at mannen vart pågripen i februar fjor.

Talet på fornærma har auka og no er det snakk om 21 barn, både jenter og gutar.

Det opplyser påtaleansvarleg Hans Vang til NRK onsdag.

Utvida siktinga til grov valdtekt

Mannen har vore sikta for fem tilfelle av valdtekt mot barn under 14 år og to andre valdtekter. I tillegg er han sikta for seksuell omgang med fleire barn mellom 14 og 16 år.

No er siktinga skjerpa til å gjelde grov valdtekt av eitt barn under 14 år med strafferamme på 21 års fengsel.

I alt er det no åtte fornærma under 14 år der det er snakk om fysiske overgrep og nettovergrep.

Dei til saman 21 fornærma kjem frå fleire stader i landet.

– Mannen i 40-åra hadde ein falsk profil på Snapchat der han gav seg ut for å vere ei ung jente. Her tilbaud han seg å hjelpe jenter med å selje seksualiserte bilete og videoar til ein liten kundekrins, fortel påtaleansvarleg Hans Vang.

Vanskeleg etterforsking

Mannen vart pågripen heime hos seg sjølv i Stjørdal.

Databeslaget hos sikta var omfattande.

– Måten materialet var lagra på gjorde at det var vanskeleg å søke i. Derfor måtte alt gjennomgåast manuelt, noko som har tatt svært langt tid, seier Vang.

Politiet meiner dei no er i slutten av etterforskinga. Planen er at ei rettssak kan gjennomførast mot slutten av 2024.

Fare for nye straffbare handlingar

Sikta har sete i varetekt sidan februar i fjor. Sjølv om det ikkje lenger er fare for at mannen kan øydeleggje bevis, vil politiet framleis ha han i varetekt.

Dei meiner faren for at sikta kan utføre nye straffbare handlingar er stor, om han blir sett fri.

Onsdag avgjer Trøndelag tingrett om mannen framleis skal sitte i varetekt.

Kort før fengslingsmøtet ombestemte sikta seg og godtok framleis fengsling.

Han har ikkje ønska å forklare seg for politiet sidan mai i fjor. Der erkjente han delar av det han var sikta for då.

Forsvarer Anne Marstrander Berg ønskjer førebels ikkje å uttale seg om den skjerpa siktinga.

Forlenga varetekt

Tingretten bestemte onsdag å forlenge varetekta med fire nye veker.

Retten viser til at sikta tidlegare er dømd for seksuell omgang med barn, men at dette ikkje har hindra han i nye lovbrot.

Om dei nye forholda skriv retten mellom anna:

«Siktede har benyttet seg av en svært kynisk og manipulerende fremgangsmåte for å oppnå seksuell kontakt med barn».

Og vidare i kjennelsen:

«Fremgangsmåten fremstår som godt planlagt».

NRK anbefaler