Hopp til innhold

Skipsverftet Fosen Yard konkurs – 130 personar mistar jobben

Skipsverftet slo seg sjølv konkurs etter at dei tapte mykje pengar på dei siste prosjekta dei jobba med.

Øyvind Kimo står foran en båt i Fosen Yard

MISTA JOBBEN: Øyvind Kimo og 129 andre mista jobben hos skipsverftet Fosen Yard i dag.

Foto: Grete Thobroe / NRK

– Me har jo i alle fall tre eller fire familiepar der både mann og kone er tilsett her begge to. Og plutseleg blir begge partane utan jobb. Det er sjølvsagt vanskeleg.

Det seier Øyvind Kimo som er hovudtillitsvald frå Fellesforbundet i bedrifta.

– Veldig mange stiller seg spørsmålet «kva skal me gjere no?». «Skal me melde oss direkte til Nav, eller kva blir vegen vidare?»

Heilt sidan 70-talet har ein bygd båtar på Kvithylla i Rissa. Både Hurtigrute-båtar og cruiseskip har blitt bygd her.

Men no er det førebels slutt på båtbygginga her.

Det var Fosna-Folket som først omtala konkursen til Fosen Yard.

Les også Trakk seg fra INP – nå starter han nytt parti

Owe Ingemann Waltherzøe på INPs valgvake i Oslo NRKVALG2023

– Det var ikkje til å bere

Etterverknader frå koronapandemien og prosjekt med ein del negative resultat har akkumulert seg.

– I det siste store ombyggingsoppdraget som me held på med no har omfanget blitt så stort at det ikkje var til å bere. Det seier direktør i Fosen Yard, Anders Straumsheim.

Selskapet hadde med seg eit underskot frå 2021 og 2022 på til saman 80 millionar kroner.

Har ikkje funne løysingar på nødvendig kapital for å kome oss vidare.

Difor måtte hjørnesteinsbedrifta i Indre Fosen kommune slå seg sjølv konkurs.

– No må me først ta hand om det som skjer og det er sjølvsagt ein forferdeleg tung dag. Og dette er ikkje noko som nokon ønsker, legg direktøren til.

Men det er ikkje første gong eit reiarlag går konkurs på Kvithylla i Rissa. Og det gjer håp om at dei også denne gongen skal kome seg på rett kjøl.

Les også Skrinlegger solcelleprosjekt som skulle gi ny, verdifull kunnskap

Testanlegg Equinor, Sørburøy

Håpar på å starte opp att

No blir det stille på verftet ei stund, men det har vore konkursar her før. Sist gong var i 2015.

– Eg var med på den førre runden i 2015 med den konkursen. Per no ventar eg situasjonen og ser korleis det blir, seier Kimo.

For sjølv om bedrifta i Indre Fosen har gått konkurs er det gode tider i verftsbransjen om dagen.

– Eg trur sånn som marknaden er, at det blir ny aktivitet, legg han til.

Også direktøren har trua på at dei skal kome i gang igjen med å bygge båtar på Fosen.

– Me hadde i utgangspunktet nok å gjere fram til sommaren. Både kundar som er her og kundar som er på tur inn. Så det er målet, forklarar Straumsheim.

Er målet å slette gjelda?

– Målet er å ta vare på alle dei råka. Verftsbransjen består av leverandørar og samarbeidspartnarar og me er alle tent med å finne løysingar, svarar Straumsheim.

Og dei er allereie i gang med å sjå på mogelegheitene for å starte opp igjen så fort som mogeleg. Allereie i morgon kjem bustyrar til bedrifta i Rissa.

– Me prøve å ta vare på folk og konsekvensar etter beste evne i nokre dagar framover. Og så må me prøve å kome i gang igjen.

Les også Ny studie: Billioner av plastpartikler i havet

Plastsøppel i havet i Honduras