Hopp til innhold

Skal ha oppsøkt sikta sin bustad

Politiadvokat Christian Spets seier til NRK at dei slepp laus 18-åringen som er sikta for å ha knivstukke ein 17-åring på Ila i Trondheim i helga, sidan etterforskinga verken har påvist fare for øydelegging av bevis eller gjentakingsfare.

Den fornærma i saka skal ha oppsøkt mannen som er sikta for grov kroppsskade sin bustad før han vart knivstukken utanfor bustaden og alvorleg skadd laurdag kveld, fortel Spets.

Helsetilstanden til den fornærma skal no vere stabil. Begge er avhøyrt og fortel om ein konflikt mellom dei to. – Det er ingen av dei som har noko historikk av betydning med politiet før dette, seier Spets.