Hopp til innhold

Snart må tobakksindustrien betale for røykarane si sneip-søppel

Danmark krev at dei som lagar tobakk pungar ut rundt 32 millionar kroner i året for å rydde opp. Ein liknande regel skal på plass også i Noreg.

Røyksneip

STUMP RØYKEN – MEN IKKJE PÅ BAKKEN: – Alt for mykje søppel hamnar i naturen, seier Ingrid Liland i MDG.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Når du er ute og tar ein røyk på offentleg stad, er det forbode for deg å kaste sigarettstumpen på bakken.

I for eksempel Trondheim og Oslo er det å kaste sigarettstumpar stilt likt med å tisse offentleg. I teorien kan du altså bli straffa med bot for dette i Noreg.

I Danmark og resten av EU har dei no bestemt at det er dei som lagar sigarettane som skal ta kostnaden for ureininga med sigarettsneipar. Dei danske produsentane må frå januar 2023 gå saman og betale for at kommunane skal plukke opp stumpane.

Året etter blir det sånn i Noreg også.

– Ikkje på rekninga til skattebetalarane

Nyheita frå nabolandet i sør kom førre veke. Da fortalde Danmarks Radio at produsentane kvart år skal betale ei rekning på totalt 32 millionar danske kroner til kommunane.

I dag er det er styresmaktene og frivillige som ryddar naturen og passar på at søpla hamnar der den skal. Det meiner eg er heilt feil. Det er ikkje skattebetalarane og frivillige som skal ta rekninga. Den må produsentane ta, seier Ingrid Liland, nestleiar i MDG.

Nestleder i MDG Ingrid Liland

Nestleiar i MDG Ingrid Liland meiner det må lagast reglar som gjer at mindre plast og anna søppel blir liggande i naturen.

Foto: Nicklas Knudsen / Nicklas Knudsen

Sigarettsneipane inneheld rundt 90 prosent plast, ifølgje Naturvernforbundet.

Verdas helseorganisasjon sat tidlegare i år søkjelys på at tobakk ikkje berre skader den enkelte røykar – men også planeten.

I ein rapport frå mai kjem det fram at vi kastar 4,5 billionar sigarettsneipar kvart år på verdsbasis.

Om to år skal dei som sel pinnane betale for oppryddinga også i Noreg. Hos Tobakksindustriens felleskontor (TIF) tar dei det heile med knusande ro.

Nærbilde av hånda til en mann som holder en sigarett mellom pekefinger og langefinger

På verdsbasis kastar vi visstnok frå oss 4,5 billionar sigarettsneipar kvart år.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

Dette er heilt uproblematisk. Det vil koste ein del for produsentane for opprydding, og det er heilt greitt, seier rådgjevar Jan Robert Kvam.

Les også Disse tre «giftene» er nordmenn mest bekymret for

Programleder Andreas Wahl i Folkeopplysningen ser inn i kamera og holder en flaske gift

Kva med snus?

Det er nesten dobbelt så mange nordmenn som snusar enn som røykjer. Det viser tal Helsedirektoratet frå 2021.

Det er mikroplast også i snus. Men snus er ikkje dekka av dei nye EU-reglane som kjem i løpet av 2025. Da skal produsentane av all emballasje og ein del eingongsplast betale for opprydding av produkta deira.

Grunnen til at snus ikkje er på lista til EU er at reglane er laga ut frå kva typar søppel som er funnen langs strender i Europa. Det seier Aleksander Øren Heen (Sp) i Klima- og miljødepartementet.

Men snus er populært, og ei kjelde til plastureining i Noreg. Vi vil i framtida derfor vurdere tiltak også for dette produktet.

Liland frå MDG vil at det skal på plass raskt.

Det er eit naturleg neste steg. Det er ingen grunn til at Noreg skal sitte og vente på EU, seier ho.

Snus i fjellet.

Frå underleppa til turstien. Denne snusen kasta ein snusar frå seg i Jotunheimen.

Foto: even lusæter

Les også Lei av at folk slenger fra seg snus på Besseggen

Les også Ørjan (23) ble verdensmester i snus – smakskomboen sjokkerte juryen

Sneip-bot

Du kan altså i teorien få bot for å kaste ein sneip eller anna søppel på gata, sjølv om det ifølge politiet ikkje finst ein fast bøtesats.

NRK har spurt politiet i Trondheim om kor mange gonger dei har gitt bøter til nokon som har kasta sneip på bakken.

Svaret? Dei kan ikkje finne ei einaste sak.

Ingrid Liland i MDG meiner det i utgangspunktet er kvar nordmann sitt ansvar å putte søpla der dei høyrer heime.

– Men det funkar ikkje. Eg trur vi er ganske einige om at vi ikkje skal bruke politiet til å gå etter folk og plukke opp søpla deira. Da må vi plassere ansvaret der det faktisk kan skje ei endring. Og det er hos produsentane, seier ho.