Hopp til innhold

Oppheita stemning på SIAN-demonstrasjon i Trondheim

Det gjekk heitt føre seg då «Stopp islamiseringen av Norge» (SIAN) og motdemonstrantar var samla på Torvet i Trondheim. – Vi aksepterer ikkje rasisme i våre gater, seier motdemonstrantar.

Knuste vinduer etter SIAN-demonstrasjon

KNUSTE RUTER: I Hornemansgården blei to vindauge knust som følge av demonstrasjonen på Torvet i Trondheim.

Foto: Bertil Lernæs

Fleire hundre ungdommar var samla då den antiislamistiske gruppa SIAN arrangerte demonstrasjon på Torvet i Trondheim måndag kveld.

SIAN

SIAN: Lars Thorsen, leiar for den antiislamistiske gruppa SIAN.

Foto: Rune Nordgård Andreassen / NRK

– Det var aggressivt allereie før vi starta, seier Lars Thorsen, som er leiar for SIAN.

Då han heldt appell skapte det sterke reaksjonar hos motdemonstrantane. Dei starta umiddelbart å rope medan dei kasta egg og brød.

– Motdemonstrantane var ikkje her for å ta til motmæle. Det var berre vald som sto på agendaen, meiner Thorsen.

På eit tidspunkt blei politiet pressa opp i eit hjørne og måtte beskytte seg med skjold.

Demonstrantane kasta stolar og egg på politiet, fortel fleire vitne på staden.

Politiet måtte evakuere demonstrantane

Thorsen, på si side, meiner politiet burde gjort meir for å hindre bråk under demonstrasjonen.

– Vi tenkte at vi skulle la demonstrasjonane få gå sin gong, svarar politiet, som likevel såg seg nøydde til å gripe inn.

Demonstrasjon på Torvet i Trondheim.

KAOS: Fleire gjerder blei rivne ned og fjerna av demonstrantar på Torvet.

Foto: Bjørn Alexander / NRK

Demonstrasjonen starta kl. 18 og blei avslutta ein halvtime seinare. Fleire sperregjerder blei rivne ned, stemninga var amper og politiet såg ikkje noko anna moglegheit enn å evakuere personane.

– SIAN-demonstrantar blei frakta bort frå området for å unngå fysiske konfrontasjonar mellom dei og motdemonstrantane, opplyser operasjonsleiar Ebbe Kimo i Trøndelag politidistrikt.

Motdemonstrant: – Rasisme forkledd som religionsskepsis

«Ingen rasister i våre gater» og «Hele Trondheim hater SIAN» var blant slagorda motdemonstrantane aktivt brukte. Motdemonstrantane var mellom anna frå Trondheim Rød Ungdom og Trondheim Sosialistisk Ungdom.

Demonstrasjon på Torvet i Trondheim

TYDELEG BESKJED: «Ingen rasister i våre gater» var eitt av bodskapa frå motdemonstrantane i Trondheim.

Foto: Ask Ebeltoft

Alicia Escobar og Ask Ebeltoft var begge til stades under demonstrasjonen.

– Eg kjende ikkje til SIAN før i fjor, seier Escobar.

Då deltok ho også på ein motdemonstrasjon, og var sjokkert over det ho opplevde.

Alicia Escobar og Ask Ebeltoft

MOTDEMONSTRANTAR: Alicia Escobar og Ask Ebeltoft er tydelege på at rasisme ikkje høyrer heime i Trondheim.

Foto: Bjørn Alexander / NRK

– Eg var ikkje førebudd på den rasismen som møtte meg der. Eg er utanlandsk sjølv. Det vart brukt så stygge ord at eg ikkje ynskjer å ta det opp igjen, seier ho.

– Det er rett og slett rasisme forkledd som religionsskepsis, fastslår ho.

– Unødvendig med hærverk

– Vi hadde som hovudintensjon å unngå skade på personar, og det målet nådde vi, seier operasjonsleiar Kimo.

I etterkant av demonstrasjonen meldte politiet om hærverk på ein politibil og fleire knuste vindauge i Hornemansgården.

Demonstrasjon på Torvet i Trondheim

HÆRVERK: Det blei utført hærverk på ein politibil under SIAN-demonstrasjonen.

Foto: Bjørn Alexander / NRK

Kimo fortel at politiet var førebudd på bråk, men synest det er totalt unødvendig å øydelegge bygningar og bilar.

– Det vil bli reaksjonar mot enkeltpersonar i etterkant, opplyser politiet til NRK.

Motdemonstrantane som NRK møtte, var glade for at politiet var til stades og passa på.

– Eg er veldig stolt over ungdommen som var med. Vi vågar å seie frå. Vi aksepterer ikkje rasisme i våre gater, fastslår Escobar.