Hopp til innhold

Dømd etter «det største bankunderslaget i Noregshistoria» – anka på staden

Tiltalte underslo 74 millionar kroner frå banken der han jobba som vikar. No er han dømd til seks års fengsel for det aktoratet kalla «det største bankunderslaget» i Noregshistoria.

Sparebank 1 SMN Trondheim

SPELEAVHENGIG: Bankvikaren underslo 74 millionar kroner frå Sparebank 1 SMN i løpet av ein månad.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Trøndelag tingrett er dermed samd med aktor som påstod seks års fengsel for tiltalte.

– Vi ankar på staden, seier forsvarer Jasmin Gheshlaghi til NRK måndag ettermiddag.

Sa han testa systemet

Tiltalte var innleigd som vikar frå Manpower og jobba i kundeavdelinga. Der hjelpte han kundar med vanlege tenester som å skifte bank og opprette nye konti.

Metoden for å underslå pengar frå banken var enkel:

Han overførte pengar frå kassasystemet i banken til sine eigne konti i banken. På overføringane skreiv han «test» eller liknande.

Dette gjorde han for å sjå om overføringane gjekk gjennom, forklarte han i retten.

Logg frå bankvikar som er tiltalt for underslag av i underkant av 75 millionar koner. Bilete er ein skjermdump frå eit internt loggsystem i banken.
Foto: politiet

«Test overførsel negativt beløp for å se om dette blir korrigert», skreiv mannen i det interne loggsystemet 16. desember. Det var to minutt etter at han hadde gjort den første overføringa på 10 000 kroner.

Frå sine eigne konti overførte han pengane via konto i DNB og Danske bank og så ut av landet. Det meste hamna hos nettmeklarar i IG Europe i Tyskland.

I retten erkjente han seg skuldig i underslag, kvitvasking og forfalskning. Han fortalde om ein månad frå 16.desember i fjor der alt dreia seg om å kjøpe og selje verdipapir med stor risiko.

Av underslaget på nesten 75 millionar kroner greidde politiet å finne att og sikre om lag 20 millionar.

Seks alarmar

Frå 22. desember til 17. januar gjekk alarmen i anti- kvitvaskingsavdelinga i banken seks gonger. Men tilsette trudde på forklaringane frå tiltalte om at han heldt på med ein test av systemet.

Kommunikasjonen gjekk føre seg på e-post fordi tiltalte då hadde heimekontor, delvis i Frankrike og Portugal.

Finansdirektøren sa i retten at tiltalte manipulerte systemet.

Les også Banktopp i SMN: Tiltalte manipulerte både system og kollegaer

Trond Søraas

– Tiltalte lukkast derfor med å forseinke våre tilsette til å forstå at det var snakk om eit underslag.

Finansdirektøren meinte rutinane i banken vart følgde, men at tiltalte misbrukte tilliten og villeia kollegaene sine.

Aktorar i saka, politiadvokat Ole Andreas Aftret og statsadvokat Eli Reberg Nessimo.

Aktorane Ole Andreas Aftret og Eli Reberg Nessimo under rettssaka i byrjinga av desember.

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

Pågåande underslag i ein månad

Mannen sa opp jobben i Sparebank 1 SMN tre dagar før banken melde saka til politiet.

Då hadde tiltalte halde på med underslaget i ein månad.

Enkeltoverføringane til eigne konti varierte frå 10 000 kr til 22 500 000 kr.

I oppseiinga stod det at han ville fokusere meir på studiane. Han ville kome innom banken for å levere PC-en og avsluttene sakene i løpet av veka, skreiv han.

Vikaren studerte til å bli dataingeniør, og har ein bachelor i økonomi og administrasjon frå før.

Kontoutskrifter som retten fekk sjå viser intensiteten i finansspekulasjonane:

Fleire gonger om dagen frå 14. desember gjekk det millionar av kroner frå DNB-kontoen og til tyske IG.

Utover i desember og i januar var det stadig fleire transaksjonar frå tiltalte til IG.

Det toppar seg 17. januar med 36 overføringar mellom tidleg ettermiddag og klokka 20 på kvelden.

– Eg hadde eit problem med speling og var veldig langt nede då det skjedde, sa tiltalte i retten.

Retten: Svært alvorleg tiliitsbrot

Undervegs vart tiltalte kontakta av bankar som ba om dokumentasjon på kvar pengane han hadde stamma i frå. Tiltalte ga feil opplysningar og forfalska også eit dokument.

Dette er skjerpande omstende, meiner retten.

Tiltalte var kunderådgjevar og hadde ikkje nokon leiande stilling i banken. Forsvaret argumenterte med at det er formidlande at banken ikkje stoppa underslaga hans tidlegare. Retten viser til at det er handlingane til tiltalte som førte til underslaget, ikkje banken.

«N.N. (tiltaltes) tillitsbrudd er svært alvorlig. (...) N.N. var gjennom opplæringsprogrammet i Sparebank 1 SMN kjent med banken sitt regelverk om at «egenekspedering» var forbudt og at banken gjennomførte jevnlige kontroller», står det i domen.

Tiltalte har fått diagnosen patologisk speleliding etter at han vart pågripen. Han tilstod også underslaget i første politiavhøyr.

Retten meiner dette likevel ikkje kan føre til lågare fengselstraff, eller delvis fengsel på vilkår.

Jasmin Gheshlaghi

Forsvarer Jasmin Gheshlaghi opplyser til NRK at tiltalte anka på staden då han fekk forkynt domen måndag.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Ankar straffa

Forsvarane meiner seks års fengsel er for strengt. I retten antyda dei ei straff på rundt 4 års fengsel, eventuelt delvis på vilkår.

Straffeutmålinga kjem derfor til å bli anka, opplyser forsvarer Gheshlaghi til NRK.

Aktor statsadvokat Eli Reberg Nessimo seier til NRK at påtalemakta er godt nøgd med at retten er samd med aktoratet om straff på seks år.

Kommunikasjonsdirektør i Sparebank 1 SMN, Rolf Jarle Brøske, seier til NRK at dei tek domen til etterretning. Ut over det ønskjer ikkje banken å kommentere saka.