Hopp til innhold

Redda liv med kajakk

Leif Tofte og kompisen redda onsdag kveld to menn som låg i sjøen med kajakken sin.

Leif Tofte
Foto: Magne Vik Bjørkøy / NRK

Klokka er 1930 onsdag kveld. To kompisar er på veg til land igjen etter ein treningstur med kajakk i Trondheimfjorden.

Ein av dei, Leif Tofte, snur seg og kikker utover vatnet ein siste gong slik han alltid brukar å gjere.

- Eg ser noko i vatnet som eg ikkje har sett før. Det ser ut som ein seglbåt, men var så veldig lite og låg bak eit forskingsfartøy som har ligge i fjorden i heile vinter, seier Leif Tofte til NRK Trøndelag.

To i vatnet
Leif Tofte

Leif Tofte.

Foto: Magne Vik Bjørkøy / NRK

Ved neste augekast ser Leif Tofte ein svart spiss som står rett opp i vatnet og nokre små svarte prikkar rundt.

Han tenkjer raskt at dette er ein båt som hadde gått ned, men tør ikkje seie noko til kompisen sin Runar.

- Kom igjen, Runar, vi må utover å sjå kva dette er. Det kan vere ei blåse eller noko med forskingsfartøyet, men vi må reise, sa eg til han.

Dei to kompisane padlar seg litt nærmare dei svarte prikkane og ser at det er folk som ligg i vatnet og at båten ligg rett opp og ned motoren ned og spissen opp.

- Båten hang på luftlomma i spissen og dei to karane i vatnet fraus fælt, forklarar Tofte.

Hang på kajakken

Kompisen til Leif har med seg mobiltelefonen og får varsle via nødnummeret at det ligg to personar i Trondheimsfjorden og frys.

Før redningsfolka når ut til havaristane, synk båten.

- Dei to mennene måtte då klatre opp på kajakkane til oss og ligge der og vente på hjelp. Det tok ikkje så lang tid før redninga kom, men hadde vi ikkje fått ringt kunne det blitt krise, for det var 700-800 meter til land, forklarar Tofte.

Leif Tofte har drive med kajakkpadling i Trondheimsfjorden i 49 år og aldri opplevd noko liknande.

Les: To personer reddet etter båtvelt