Rasisme-rapport blir presentert

Korleis er haldningane til politiet når det gjeld etikk og rasisme? Følg pressekonferansen direkte klokka 1300.

Eugene Ejike Obiora
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Klokka 1300 blir ein rapport, om etikk og rasisme ved politiet i Sør-Trøndelag, presentert på politihuset i Trondheim.

Rapporten er bestilt av politiet som ønskjer å gå i saumane på seg sjølv fordi dei har fått kraftig kritikk for handteringa av fleire saker. 

1999: Vaskehjelpa Sophia Baidoo blir tatt av politiet på jobb då alarmen gjekk og det blir hevda at politiet kallar ho for ""Svarte Faen".

September 2006: Ein tilsett i politiet tek halsgrep på Euguene Obiora, som seinare døyr på St. Olavs Hospital.

Sommaren 2007: Ei rekke uheldige bilete blir oppdaga på veggen på politihuset i Trondheim. Eit av bileta viser ein tidlegare tilsett ved politiet sittande i ei gryte med mørke kannibalar. 

Arbeider vidare

Målet til politiet er å bruke resultata til vidare arbeid internt i politiet, og leiar i Politiets Fellesforbund Bjørn Enge meiner ein slik rapport er nødvendig.

Følg pressekonferansen direkte: Politiets pressekonferanse