Hopp til innhold

Publikum svikta på Hell

Snoop Dogg, Jon Lord og Turboneger greidde ikkje samle nok publikum til Hell Music Festival.

Snoop Dogg på Hell Music Festival
Foto: Jørgen Pettersen / NRK

Publikum svikta årets Hell Music Festival. Det skjønnar ikkje festivalsjef Ketil Thorvik. 

- Vi må evaluere årets festival no. Det er muleg at ein artist som Snopp Dogg ikkje treff så godt i Trøndelag, og at vi bomma der, seier Thorvik til NRK Trøndelag.

Han understrekar likvel at festivalen er godt gjennomført og takkar dei mange frivillige som stilte opp.

- Det er kjempebra med alle som stilte opp. I tilllegg var det god stemning blant publikum, men diverre litt for lite publikum, seier Thorvik.