Hopp til innhold

Populær overnatting for fattige tilreisande

Overnattingstilbodet for tilreisande utlendingar i Trondheim går så godt at kapasiteten allereie er sprengt. No håper drivarane at dei kan få pengar til å fortsette – og kanskje også utvide tilbodet.

Feltsenger på det aktutte overnattingsstedet i Trondheim

Det kostar 15 kroner å overnatte på staden i Innherredsveien. Da får ein tilbod om ein dusj og ei feltseng.

Foto: Trondheim Røde Kors

Infoplakat akuttovernatting i Trondheim

Infoplakaten for akuttovernatting i Trondheim, som vart opna før jul.

Foto: Trondheim Røde Kors / NRK

Kvar kveld blir Catharinasenteret i Trondheim fylt opp av tilreisande, fattige EØS-borgarar, gjerne frå Øst-Europa.

– Dette er eit akutt overnattingstilbod for bustadlause utlendingar. Det vart starta opp like før jul, og no i januar er maksgrensa allereie nådd, seier prosjektleiar Veronica Sve.

– I utgangspunktet hadde vi ei grense på 25 gjestar. Den siste veka har vi hatt opp til 27. Men vi har rom her på huset til å ta i mot kanskje 30 personar, seier ho.

Kan halde opent fram til påske

Dei som overnattar, får dusje, tørka klede og spist matpakken sin. Om kvelden får dei utlevert sengetøy, som dei tar av att om morgonen. Innkvarteringa skjer på sovesal med feltsenger og liggeunderlag.

Prisen er symbolsk, det kostar 15 kroner natta. Da får gjestane ein kopp kaffe eller te om morgonen, og dei må vere ute klokka 0730.

Det er Røde Kors og Kirkens Bymisjon som driv overnattingstilbodet. I fjor fekk dei ein million kroner i stønad frå Justis- og beredskapsdirektoratet. Dette gjer at dei kan halde opent fram til påske.

Mayse Lyngstad seier at jobben som nattevakt går veldig bra.

– Gjestane er rolege, som regel er det ganske stilt om natta. Allereie frå klokka 22 er det roleg, dei er slitne etter ein lang dag ute, seier ho.

Håpar på vidareføring

No håper Røde Kors og Bymisjonen på nye midler, slik at dei kan vidareføre tilbodet også gjennom heile 2015. Både Bergen og Oslo har liknande tilbod, men det er vanskeleg å finansiere det, seier prosjektleiar Veronica Sve.

– Vi kjem til å søke om stønad frå justis- og beredskapsdirektoratet om pengar til å drive dette tiltaket vidare. Vi veit jo alle kor kaldt det kan vere å vere ute, og om ein i tillegg skal sove ute, blir det veldig utfordrande. Det er dette Kirkens Bymisjon og Røde Kors har tatt tak i. Vi såg eit humanitært behov som vi gjerne ville vere med på å dekke, seier ho.

Catharinasenteret i Innherredsvegen blir brukt mellombels fram til lokala i den gamle brannstasjonen aust på Leangen er klar. Dei to organisasjonane ventar på den endelege godkjenninga der.