Hopp til innhold

Fleire våpenbeslag under politiaksjon i Trondheim

Éin person er pågripen. Vedkommande er også sikta for to valdtekter.

Politihuset i Trondheim

TRONDHEIM: Poltiet har pågripe ein person i Trondheim etter seksuallovbrot. Det er også gjort funn av våpen og narkotika.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Søndag morgon rykte politiet ut til ein bustad i Trondheim sentrum. Dei vart varsla om festbråk i 06-tida. Då dei kom til staden, fekk dei mistanke om oppbevaring av narkotika.

Politiet ransaka huset, og gjorde beslag i eit større tal våpen.

Dei ynskjer foreløpig ikkje å gå inn på kva slags type våpen det er snakk om, men dei er av «ulike karakterar».

Politiet gjorde også funn av mindre mengder narkotika.

Det opplyser Trøndelag politidistrikt i ei pressemelding måndag morgon.

Det blei iverksett etterforsking på grunnlag av opplysningane politiet fekk under dei innleiande undersøkingane.

Sikta for valdtekter

Saka har blitt etterforska søndag. Fleire vitne vart avhøyrde.

På bakgrunn av bevis som blei sikra i saka, er personen også sikta for to tilfelle av valdtekt, jamfør straffelova § 292 og § 291.

– I utgangspunktet var det ei narkotika- og våpensak. Gjennom det, fekk vi kunnskap om moglege seksuelle overgrep. Då vart fokuset flytta over til det.

Det opplyser politiadvokat Ole Andreas Aftret i Trøndelag politidistrikt.

Han ynskjer ikkje å gå inn på kva konkret som gjorde til at dei fatta mistanke om dette, men det var på bakgrunn av opplysningar og beslag som vart gjort på staden.

Det dreier seg om to ulike fornærma. Den eine valdtekta skal ha skjedd natt til søndag, og den andre skal ha skjedd tidlegare, informerer politiadvokaten.

Det er tema i etterforskinga å få tidfesta dette nøyaktig, men politiet vil ikkje gå ut med nærmare opplysningar om dette no.

Fengslingsmøte tysdag

Saka blir etterforska breitt, og det blir jobba aktivt med fleire ulike hypotesar.

Politiet kan på noverande tidspunkt ikkje utelukke at siktinga vil bli utvida, verken overfor dei fornærma som saka no gjeld, eller ved at den blir utvida til også å gjelde straffbare forhold overfor andre.

Politiet ynskjer ikkje å gå ut med informasjon om kva sikta, dei fornærma eller vitnene har forklart til politiet, eller øvrige funn politiet har gjort, av hensyn til etterforskinga i saka.

– Etterforskinga pågår for fullt. Vi må konsentrere oss om å sikre bevis som kan opplyse saka. Herunder er det både beslag og avhøyr av vitne, fortel politiadvokaten til NRK.

Den sikta vil bli framstilt for fengsling i Trøndelag tingrett tysdag.