Hopp til innhold

Oteren stoppa heile fotballkampen

Ein skada oter stjal merksemda frå spelarane då han trava ut på fotballbana mot slutten av 1. omgong. Dommaren blåste, og kampen vart stoppa for å hjelpe oteren.

Ein skada oter stjal merksemda frå spelarane då han trava ut på fotballbana mot slutten av 1. omgong. Dommaren blåste, og kampen vart stoppa for å hjelpe oteren.

Her stopper oteren fotballkampen.

– Speakeren ropte at anten er det komt ein ny dommar på bana, eller så er det ein litt spesiell Flatås-supporter, seier David Bessaker Monkan, spelar og trenar for UIF Bjørgan.

Ein synleg skadd oter bevega seg ut på bana laurdags ettermiddag, kor 5. divisjonsoppgjeret mellom Bjørgan og Flatås IL snart er ferdig med 1. omgong.

– Det var tydleg at han var kontaktsøkande. Vi stoppa kampen og samla oss rundt oteren, fortel Monkan.

Det var Fosna-Folket som først omtalte saka.

Ordføraren måtte trå til

Oteren la seg på beina til den eine spelaren. For å få frakta han av bana fann spelarane fram ein håv for å hjelpe den skadde oteren.

– Vi brukar vanlegvis håven til å fiske fotballar opp frå sjøen, seier Monkan.

Ordføraren frå nabokommunen Os, John Einar Høvik, kom på bana for å hjelpe oteren vekk. Då dei såg at dyret var tydeleg skada velde dei å ringe politiet.

– Oteren er freda, men det var tydeleg at han ikkje hadde det bra, seier ordføraren.

Etter samtykke frå politiet fekk dei tak i ein lokal jegar som avliva oteren bak tribuna.

– Oteren var slapp og tydeleg skada. Då eg fekk han av bana låg han berre i graset, så eg tenkte at vi måtte ordne opp i det, fortel Høvik.

Sjølv har han spelt på Bjørgan før, og var tilstades i helga for å sjå nevøen spele.

– Det er ikkje så ofte kampar blir stoppa av ein oter, seier ordføraren med ein liten latter.

Kjent oter på Bessaker

Oteren som stoppa fotballkampen har vore observert fleire gonger dei siste åra. Turistar har mata han, og Monkan fortel at han har vore tilnærma tam. Seinast førre veke vart oteren observert, ein kilometer unna fotballbana.

– Han har forflytta seg eit bra stykke, seier Monkan.

Etter pausen oteren skapte fekk kampen halde fram, og Bjørgan vann 3-1 over Flatås.