Hopp til innhold

Mann (69) omkom under skogsarbeid

Ein 69 år gammal småbrukar er død under tømmerhogst i Leksvik i Nord-Trøndelag.

leksvik

Mannen var aleine ute på arbeid laurdag, og det var naboar som etterlyste han da han ikkje kom heim utpå ettermiddagen og drog ut for å sjå etter han.

Budde og arbeidde åleine

Mannen budde aleine og naboane visste at han dreiv med ved- og tømmerhogst ute i skogen ikkje langt frå heimen.

Dei fann laurdag kveld naboen omkommen. Han hadde drive arbeid i noko bratt og ulendt skogsterreng.

Råka av trefall

Ein eller annan gong i løpet av dagen har han blitt drepen da eit trefall råka han.

Politi i Nord-Trøndelag og brannvesenet i Leksvik drog ut og henta ned mannen laurdag kveld, i 23-tida, opplyser vakthavande ved politiet i Steinkjer, Rune Reinsborg til NRK.

Røynd skogsarbeidar

Den omkomne var småbrukar i Dalbygda i Leksvik, og van med skogsarbeid.

Han hadde slekt i bygda, men den næraste familien bur utanbygds.