Hopp til innhold

Omfattande prostitusjon i Trondheim

Mellom 50 og 150 narkomane kvinner sel sex på gata i Trondheim. Salet skjer i det skjulte.

Gateprostitusjon Trondheim

Bildet viser ei narkoman kvinne på jakt etter kundar.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

 

Prostitusjon Trondheim

Denne kvinna lever i dag av å prostituere seg.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

Oversiktar NRK Trøndelag har gjort viser at mellom 50 og 150 narkomane kvinner frå tid til annan tilbyr sexuelle tenester på gata i Trondheim.

Horekundane betaler frå 400 kroner og oppover for eit samleie. Salet skjer på dagtid frå fleire stader i Trondheim sentrum.

- Det er veldig skjult og ikkje så synleg på gata, fortel ei kvinne som i dag lever av å prostituerer seg på gata til NRK Trøndelag.

Ikkje kjent tidligare

Trondheim har til no stått fram som den siste storbyen i Noreg utan gateprostitusjon. Men NRK Trøndelag avslører i dag at fleire kvinner og nokre få menn sel sex på gata i Trondheim.

Ingen kan med visse seie kor mange som prostituerer seg, men Helse og overdoseteamet i Trondheim kommune reknar med, utifrå faglege utrekningar at mellom 50 til 150 narkomane sel seg på gata i Trondheim.

- Det er rart at folk seier at det ikkje eksisterer gateprostitusjon i Trondheim, for det finst mykje av det. Det er spesielt på torget jentene prostituerer seg, og der er det jo folk heile tida. Jernbanestasjonen er også ein populær stad, der det er prostitusjon frå morgon til kveld, fortel ei kvinne som tidlegare prostituerte seg til NRK Trøndelag.

Jan Erik Skjølås

Psykiatrisk sjukepleiar i Helse og overdoseteamet, Jan Erik Skjølås.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

Prostitusjon i det skjulte

Dei narkomane kvinnene sel seg i det skjulte på gata. Ofte er det menn som føreslår sexhandelen. Kvinnene tiggar pengar av forbipasserande, og ofte spør menn om dei er villige til å yte tenester for pengar.

I desperasjon etter å finansiere det daglege narkotikaforbruket takkar kvinnene ja til forslaget, og mange sel eit samleie for 400 kroner.

- 50 prosent av dei sprøtenarkomane prostituerer seg. I Trondheim er det 300 jenter som er sprøytenarkomane, og då er ikkje 150 gateprostituerte noko urealistisk tal her i byen, seier Jan Erik Skjølås, som er psykiatrisk sjukepleiar i Helse og overdoseteamet i byen til NRK Trøndelag.

- Tenk deg om!

Kvinnene er villige til det meste for å skaffe seg pengar. Dette uroar ei av kvinnene som tidlegare har prostituert seg.

- Jentene bør tenke seg godt om. Det er ikkje verdt å prostituere seg. Det finst så mange andre gode ting i livet som det er betre å halde med på.

Mandag kveld viser NRK MidtNytt korleis salet skjer.