Etter 15 år er Terje Adde og Åge Aleksandersen klare for å lage ei vidareføring av «Ska du bygg ein by».
Har du trua på den nye musikalen? Diskutér under artikkelen!
Hadde suksess
– Vi har i årevis snakka om å setje opp den gamle musikalen på ny, men avgjorde at det ikkje ville vere riktig. Framsyninga i -95 var knytt til dei som var med då, og den var så vellykka. No vil vi lage ei heilt ny historie som tek til der den førre slutta, seier kultursjef i Namsos, Terje Adde, til NRK.
«Ska du bygg ein by» frå 1995 vart ein braksuksess med tolv utselde framsyningar i kulturhuset i Namsos. Musikalen var ein del av jubileumsfeiringa då byen fylte 150 år. No trur Adde og Aleksandersen at Trøndelag er klare for framhaldet.
– Eg er veldig stolt over å ha med Åge også på dette prosjektet, seier Adde.
Ny og gammal musikk
Medan den gamle musikalen tok føre seg perioden 1938-1948, vil den nye historia starte på 1950-talet. Staden er likevel den samme – Namsos er byen der det heile skjer.
– Rockekulturen og ungdomsopprøret i etterkrigstida vil vere i fokus. Vi vil få fram korleis unge menneske fekk sin eigen kultur gjennom musikken, noko som er eit universelt tema som ligg djupt i menneska. Dette vil bli ungdommens framsyning, seier Adde.
Han har planar om å ha med ungdommar frå kulturskulen og vidaregåande skule på oppsettinga. I oktober startar det kreative arbeidet. Åge Aleksandersen skal skrive splitter ny musikk, og Adde skal vere komponist. Samtidig vil gamle, kjende låtar bli ein del av lydbiletet.
– Det vil vere naturleg å ha med musikk frå 50-, 60-, og 70-talet. Ein treng ikkje å skrive god musikk om att! slår Adde fast.
Elvis kjem til Namsos
Den nye musikalen har arbeidstittelen «Ska du bygg ein by 2», men kultursjefen har allereie eit anna namn i ermet.
– I mitt hovud heiter musikalen «Da Elvis kom til Namsos». Det oppsummerer kva stykket handlar om: korleis verda kom til eit lite samfunn og endra det totalt. Rocken hadde unik påverknad på Namsos, seier Adde.
Stykket har premiere 15. oktober 2012 , men allereie neste år kjem ein liten smakebit. Ein eigen konsertversjon skal nemleg vere på plass til Rock City-opninga 1. oktober 2011.
– Men sjølve musikalen skal ikkje vere ein konsert, den skal vere eit musikkteater med innhald. Trøndelag er viktig for rockehistoria; det er ikkje utan grunn at Stortinget har plassert Rockheim i Trondheim og Rock City i Namsos, meiner kultursjefen.
Mange med på laget
I tillegg til Aleksandersen har Adde fått med seg fleire kreative aktørar i skriveprosessen. Idar Lind skal skrive manuset, Arnulf Haga skal vere instruktør, og planen er å ha med Bjarne Brøndbo som artist og skodespelar, som i 1995.
– Alt er klart til å starte opp no, også grunnfinansieringa er på plass. Vi reknar med å ha behov for 2 millionar til saman, og har allereie skaffa halvparten, seier Adde.
Den første millionen kjem frå Namsos kommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune, DnB, Namdalsavisa og Trio Media.
- LES: Åge 60 år