Hopp til innhold

Sofie må betale fleire tusen, andre studentar slepp å gjere det same

I Trondheim må studentane punge ut for pålagde strømmålarar. Det må dei ikkje i Oslo.

Sofie Bergstrøm.

– DYRT: Sofie Bergstrøm vil ikkje ha straummålar på rommet sitt. Ho er frustrert over at nettselskapet krev dette, og påpeikar at 3.000 kroner er mykje pengar for studentar med trong økonomi.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

I samband med oppussing krev nettselskapet Tensio at det blir installert individuelle strømmålarar i 513 hyblar i Moholt studentby i Trondheim. Dei krev og eigne straummålarar for fellesareala. Til saman 630 målarar, der det i dag berre er ein.

Saka vart først omtalt i Teknisk Ukeblad.

Sofie Bergstrøm er ein av studentane som må betale meir om ho får eigen straummålar i hybelen sin.

– Det blir jo mykje dyrare og tungvint for oss studentar, som i utgangspunktet lever på eit trongt budsjett, seier Bergstrøm.

Ho er styreleiar i Studentsamskipnaden i Trondheim, men seier at ho uttaler seg som privatperson i denne saka.

Sofie Karlsen Bergstrø.

MÅ BETALE MEIR: Sofie Bergstrøm er student og styreleiar i Studentsamskipnaden i Trondheim. No må sette av enno meir pengar til straum i ein allereie trong studentøkonomi.

Foto: Bendt Lindsetmo / NRK

Studentane tar rekninga

Omlegginga fører til at kvar enkelt hybelbuar må betale rundt 3.000 kroner meir i året, ifølgje Arvid Skjervik i Studentsamskipnaden i Trondheim (SIT).

– Auken kjem som følgje av at det blir fleire målarar, og at netteigar då vil krevje meir i nettleige, seier leiaren for prosjekt og utvikling i SIT,

Skjervik meiner det hadde vore rimeleg om Tensio ville installere ein straummålar i kvar blokk eller kvart kollektiv, men ikkje på den enkelte hybelen.

– Stikkontaktar til forbruk, for eksempel til ladarar og mobilar, ein panelomn på 500 watt og ein LED- lampe. Det er alt som kjem til å gå gjennom den straummålaren. Det er urimeleg, som om vi som bur i hus skulle hatt ein straummålar i kvart soverom, seier han.

Arvid Eriksen Skjervik, studentskipnaden Trondheim.

URIMELEG: Arvid Skjervik i SIT meiner det er urimeleg av Tensio å krevje at kvar enkelt hybel skal ha sin eigen straummålar.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Studentar i Oslo slepp

Får dei rundt 9.500 studentane som leiger hybel i studentbygga til Studentsamskipnaden i Oslo er situasjonen ein annan.

– Vi har fått dispensasjon frå kravet om individuelle målarar for studentane våre, seier spesialrådgjevar i SIO Trond Bakke.

Nettselskapet Elvia har også gjeve unntak i andre studentbygningar på Austlandet.

– Dette dreier seg om studenthyblar med lite energiforbruk, seier kommunikasjonssjef i Elvia, Morten Schau til NRK.

Ein typisk studenthybel har for lite straumforbruk til at det løner seg med individuell straummåling, om ein ser det i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, meiner dei.

Vil ha vurdering av det nasjonale regelverket

Tensio meiner det at Elvia vurderer dette annleis enn dei, bør føre til at saka vert tatt opp på eit høgare nivå.

– Det er openbert at vi tolkar desse unntaksreglane forskjellig. Det einaste fornuftige her er at saka hamnar på nasjonale styresmakter sitt bord for ei vurdering, seier Bengt Eidem, kommunikasjonssjef i Tensio.

Han meiner myndigheitene må avgjere om det er dei eller Elvia som har gjort ei feil.

– Eller om det er noko gale med dei nasjonale reglane.

For gjennom Eidem sine auge er dagens regelverk klokkeklart

– Det nasjonale regelverket er veldig tydeleg. Alle bustader skal ha individuell straummåling og det er eksplisitt understreka at dette også gjeld studenthyblar i bufellesskap, seier Bengt Eidem i Tensio.

Skal motivere folk til å spare straum

Tensio forstår frustrasjonen til Studentsamskipnaden i Trondheim, men tolkar reglane slik at det ikkje er mogleg å gje SIT unntak i denne saka.

– Det er eit veldig snevert rom for å gje dispensasjonar. Vi har sett grundig på denne saka, og ikkje funn rom for det, seier Eidem.

– Studentane vil ifølgje SIT måtte betale cirka 3.000 kroner meir i året for å få fridom til å velje straumleverandør sjølv. Det er ein dyr fridom?

– I dette tilfellet vil nok individuell måling bli dyrare enn fellesmåling. Men det finst grunnar til at regelverket er som det er, seier Eidem.

Han peiker på at folk skal vere ansvarleg for sitt eige straumforbruk for å bli motiverte til å bruke minst mogleg straum.

– På den andre sida er det gode argument frå studentane i denne saka, som synest dette blir for tungvint og for dyrt. Vi forstår begge sider, seier Eidem.

Bengt Eidem i Tensio.

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Kommunikasjonssjef i Tensio Bengt Eidem forstår at studentane er frustrerte over krava deira, men seier dei må følgje reglane.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Ønskjer innspel velkommen

Reguleringsmyndigheten for energi (RME) vil behandle saka dersom Tensio og Studentsamskipnaden ikkje vert einige.

Når NRK fortel seksjonssjef i RME Torfinn Jonassen at Tensio ber dei vurdere regelverket, svarar han at dei er opne for innspel.

– Viss nettselskapa er i tvil om korleis dei skal tolke regelverket så er det bra om vi får nokon direkte spørsmål på det, så skal vi sjå nærmare på det, seier Jonassen.