Hopp til innhold

- Enten vil han, eller så gir han faen

Det blei ein tung kveld for mosvikingane som hadde møtt fram for å heie fram kommunens store son, Petter Northug, i Vancouver.

Lise Fredly Nervik, Hege Sundseth, Randi Fredly Berg og Sondre Fredly Berg

Lise Fredly Nervik, Hege Sundseth, Randi Fredly Berg og Sondre Fredly Berg følgjer Petter Northug på storkjerm i Mosvik.

Foto: Silje Kolaas / NRK

Den eine skal gå Birken, den andre seier nei takk til ski. Men ein ting har dei felles. Dei er begge tanter til OL-håpet Petter Northug.

I god tid før 15 kilometeren skal starte i Vancouver er dei på plass på Jækta Fjordstue i Mosvik, heimkommunen til Petter Northug. Her skal dei følgje tantebarnet gjennom OL-løypa på storskjerm.

– Vi håper, men er ikkje sikre, seier Randi Fredly Berg.

– Eg trur han blir blant dei fem beste, legg Lise Fredly Berg til.

Heiar på søskenbarnet

I det Petter Northug stakar ut frå start i Vancouver sit det også ein spent 8-åring i Mosvik. Han går sjølv på ski og har søskenbarnet sitt Petter som sitt store forbilde.

Han synes Petter går fort på ski og er sikker på at det blir medalje på Petter.

– På laurdag skal eg sjå OL-sending saman med dei andre søskenbarna til Petter, seier Sondre Fredly Berg.

Spent pappa

Søstra til Lise og Randi heiter May og er mor Petter. Ho og faren John stengte døra i barndomsheimen i dag. Dei var før løpet spente på kva sonen kunne greie i kveld.

– Ho viser det ikkje så godt, men ho er nok veldig spent ja, seier Lise Fredly Nervik til NRK.no rett før løpet.

John Northug bloggar på TV2, også han var veldig spent.

– Eg er veldig spent og nervøs før rennet. Veldig mange ventar nok eit «enkelt» OL-gull til Petter Northug, men det trur eg kan bli vanskeleg, skriv faren.

Han legg til at det er fleire ting som talar mot eit gull til Petter.

– Dette er hans første renn i hans første OL nokon sinne. I tillegg har han aldri vunne eit verdscuprenn i 15 kilometer fristil individuell start. Det må vi ikkje gløyme. På ein god dag kjempar Petter om medalje, men eg har likevel vanskeleg for å sjå at det skal skje også, skriv John Northug.

Kjempesprekk

Utanfor Jækta Fjordstue brenn ein OL-eld. Inne var stemninga beherska spent. Men etterkvart som Petter la bak seg kilometer for kilometer forsvann spenninga.

Det var ikkje dagen til Mosviks store son.

Etter første passering var Petter Northug på ein tolvte plass. Ved 8,7 kilometer passerte han på ein 32 plass, 1,15 bak teten og i mål var han heilt nede på ein 41. plass.

– Enten så vil han, eller så gir han faen. Han gjekk ikkje så bra som vi hadde håpt på, konkluderer tante Randi Fredly Berg.