Hopp til innhold

Mindre gasslekkasje på NTNU - folk måtte evakuerast

Folk vart evakuert under ei mogleg gasslekkasje ved Høgskoleringen på NTNU.

Varsel om gasslekkasje NTNU

Brannvesenet rykka ut like over tolv, og held no på med utlufting av bygget.

Foto: Morten Andersen / NRK

Faren er no over, etter at det gjekk ein alarm om gasslekkasje på NTNU. Brannvesenet fekk inn mindre utslag på måleinstrumenta. Dei har lufta ut, og evakueringa er no avslutta.

No er det normaltilstand, så folk kan få gå inn igjen i bygget, seier innsatsleiar Solveig Eide.

Det var snakk om hydrogen, og Eide forklarar at større lekkasjar av dette kan føre til eksplosjon. Derfor vart heile bygget evakuert, og folk vart bedne om å trekke seg godt unna.

– Det var snakk om realfagbygget på NTNU, fortel operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Arnt-Harald Aaslund.

Evakuering på NTNU
Foto: Morten Andersen / NTNU

Brannvesenet rykka ut like over tolv, og kom til staden for å søke med måleinstrument. Aaslund seier at denne alarmen bruka å gå ofte, og at personane på området er godt drilla.

– Vi evakuerar fordi vi må ta utgongspunkt i at det er ein reell lekkasje, seier operasjonleiaren.

Laster Twitter-innhold