Hopp til innhold

Satser millioner på "smarte" gatelys

Meråker kommune skiftar til smarte gatelys, og reknar med å spare inn 90 prosent av straumbruken.

Montering av ledlys i meråker

Kommunen har løyvt 1,8 millionar for å få topp moderne gatebelysning. Dei har rekna ut at dei tener inn att investeringa på 5–10 år.

Foto: Magnar Brandseth

Her i eit bustadområde i Meråker sentrum blir no dei første smarte gatelysa i Trøndelag klare.

– Eg vil gjerne lovprise Meråker kommune med å vere først ute med digitalisering i praksis, seier Kjersti Lønnum, forretningsutviklar, Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk (NTE).

Meråker er og tidleg ute i landssamanheng.

I alt 310 lyspunkt skal skiftast, og kommunen har løyvt 1,8 millionar for å få topp moderne gatebelysning. Dei har rekna ut at dei tener inn att investeringa på 5–10 år.

Kjersti Lønnum, forretningsutviklar, Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk (NTE).

Kjersti Lønnum, forretningsutviklar, Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk (NTE) rosar Meråker kommune

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Dei opphavlege gatelysa i Meråker er gamle, dei bruker mykje energi og er dyre å reparere, slikt det og er i mange andre kommunar.

Sparar energi

Styringa skjer med ein liten radiosendar på toppen av armaturen.

– Dei nye lysa har lang levetid, lang garantitid og dei treng ti prosent av straumen vi brukte tidlegare, seier avdelingsingeniør i Meråker kommune, Torbjørn Kaasa.

Ledlys treng mindre energi for å gje same effekt og desse lysa kan og stillast inn kvar for seg.

– Vi kan bruke frå 20 prosent lys til 100 prosent. Det er smart. For på stader der vi har ein overgang, ein kryssing av vegen, kan vi bruke 100 prosent lysstyrke heile tida, mens andre stader der vi har lite trafikk, kan vi redusere eller slå av lysa i periodar.

Meråker er først ut med smarte gatelys - bruker nesten to millioner på miljøvennlig belysning.

Teknologi for framtida

Og dei er ikkje i tvil om at dette er teknologi som grip om seg.

– Dette er eit tiltak som syner at vi tek i bruk ny teknologi. Det er ein vinn – vinn situasjon, seier ordførar i Meråker, Kari Anita Furunes.

– Det viktigaste er at betre lys gjer trafikksikkerheit og sosial sikkerheit betre, seier ho.

Ordførar i Meråker, Kari Anita Furunes.

Ordførar i Meråker, Kari Anita Furunes seier dette er ein vinn – vinn situasjon

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Reknar med færre klagar

– Det er ikkje triveleg å han gamle anlegg som fungerer dårleg og når vi får klagar frå mange om lys som ikkje verker her og der. Vi kan ikkje skifte ut eit og eit armatur, seier Kaasa.

Nokre av dei gamle armaturane har og delar som det ikkje er lovlege lenger.

Kaasa ser for seg lysare tider for alle partar.