Hopp til innhold

Mann skal ha vorte halden fanga – no er han død

Ein mann i 40-åra vart ifølgje politiet utsett for grov vald og bortføring i ein bustad i Rennebu. Valdsofferet er no død.

Hus i Rennebu der mann skal ha blitt holdt fanget.

Det var i denne bustaden mannen skal ha blitt utsett for grov vald og bortføring. Biletet er tatt i oktober i fjor, i samband med ei forsvinningssak.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Det skriv avisa Opp.

Mannen som budde i huset der no avdøde vart funnen, nekta for at vedkomande vart halden fanga. Han var berre på besøk, går det fram av fengslingskjennelsen 27.oktober.

Varetektsfengsla i to veker

Den sikta i 40-åra vart varetektsfengsla i to veker sikta for kroppsskade, paragraf 273.

Om skadene den fornærma hadde, skriv retten:

«Fornærmede er påført flere skader som hver for seg sannsynligvis ikke kan henføres under straffeloven § 273.
Likevel mener retten at det er mer sannsynlig at summen av disse skadene til sammen utgjør en skade etter straffeloven § 273, enn at de ikke er det. »

Mannen vart send til sjukehus.

Politiadvokat Anette Strøm Røsholdt stadfester overfor Opp at den fornærma mannen døyde for ei drøy veke sidan.

Med bakgrunn i det som skjedde, ser politiet på dette som eit mistenkeleg dødsfall, ifølgje politiadvokaten. Avdøde skal no obduserast.

Etter at sikta slapp ut frå varetekt i midten av november, vart siktinga utvida til grov vald og bortføring basert på etterforskninga.

Sikta i forsvinningssak i fjor

Mannen var også sikta i ei anna sak i fjor. Då galdt det grov kroppsskade med døden til følgje etter at Ronny Melby (46) vart meldt sakna i same området i oktober i fjor.

Melby skal ha budd nokre dagar hos den sikta like før han forsvann.

Les også Savna mann i Rennebu: Gjenopptar letinga når dagslyset kommer

I forbindelse med en leiteaksjon i Rennebu har sivilforsvaret satt opp to telt på en parkeringsplass. Vi ser også en tilhenger merket sivilforsvaret. Det er fire personer i bildet. To av dem med ryggen til. Jakken er merket sivilforsvaret. I bakgrunnen en politikvinne, og til venstre i bildet en person med hodelykt på. Det er mørkt

I fengslingsmøtet nekta sikta for at han hadde noko å gjere med forsvinninga å gjere.

20.oktober vart Melby funnen død i Orkla i Rennebu, like ved der han budde i lag med sikta.

Obduksjonen viste at Melby døydde av drukning og siktinga mot mannen i 40-åra vart fråfallen.

Forsvarer Kjell Myrland seier til Opp at klienten hans er kjend med dødsfallet til mannen. Utover det har forsvararen ingen kommentar.