Det er beredskapssjef hjå fylkesmannen Asbjørn Eide som vil leie arbeidet:
- Vi er bedt om å setje i gang eit arbeid frå sentrale styresmakter, og at vi skal samarbeide med Kraftforsyningens beredskapsorganisasjon og NVE, slik at vi er best mogleg førebudd dersom vi skulle få ein situasjon med lite straum.
Må lage prioriteringsliste
Kommunane må no setje oppe ei liste for å finne ut kva som er viktigast å spare ved ei straumutkopling, seier Eide:
- Det som er klart er at liv og helse har første prioritet. Deretter kjem ulike samfunnsinteresser innan ulike området. På tredjeplass er det næringsliv og økonomiske interesser som kan bli ramma som blir prioritert.
Kor stor er risikoen for at ein må ty til desse planane?
- Noko talfesting av risikoen kan ikkje eg gi meg ut på, vi må berre høyre på ekspertar, i dette tilfellet NVE, som seier at situasjonen er bekymringsfull. Vi som beredskapsmyndigheit må ta det til etterretning og leggje opp løpet deretter, seier Eide.