Hopp til innhold

Fortvilar over leveringskaos i Midtbyen

Lastebilsjåførane har ein vanskeleg leveringsjobb i Trondheim sentrum. Dei er bekymra for tryggleiken.

Vanskeleg varelevering

TRANGT: Bjørn Mikal Stavsøien synest det er vanskeleg å få levert varer i sentrum.

Foto: Kari Stenhjem / NRK

Vanskeleg varelevering

LASTESONE: Her kan lastebilane stoppe for å levere, men det er for liten plass.

Foto: Kari Stenhjem / NRK

Lastebilsjåfør Bjørn Mikal Stavsøien er på veg for å levere varer i Trondheim sentrum. Det viser seg å vere ei utfordring.

– Laste- og lossesonene er som regel på om lag 10 meter, og det er akkurat 2-3 meter for kort for oss, fortviler Stavsøien.

Trang varelevering

På torget plukkar sjåføren opp byplanleggar Merete Kvidal, for å vise henne utfordringane i Midtbyen.

– Det kan godt hende det går an å gjere lasteplassane større. Det er vi opne for, lovar Kvidal. Ho forstår godt at det er problematisk å komme seg fram med den store bilen i sentrum.

Vi køyrer vidare til Apotekerveita, der lastebilane skal stå under varelevering til Mercursenteret. Vi kjem ikkje lenger enn til Nordre gate, der ein frustrert sjåfør står med ein diger postbil.

– Vi slit overalt vi også, det er tidsavgrensingar på alle gater. For å vere heilt ærleg er eg glad dei dagane eg slepp å køyre i byen, seier sjåføren, som denne gongen har sett seg nøydd til å bryte innkøyringsreglane for å få levert posten.

Fryktar for tryggleiken

Vel framme ved byggeplassen i Apotekerveita har byplanleggaren trua på at problema kan løyse seg.

– Det ser ikkje ut som det blir så verst når det blir ferdig her, seier Kvidal.

Lastebilsjåføren uroar seg likevel for meir enn berre trang laste- og losseplass. Fleire stader i byen må sjåførane rygge blant fotgjengarane for å få snudd.

– Thomas Angells gate mellom Nordre og Munkegata er eit skrekkeksempel. Der går det ikkje an å køyre gjennom, så der må vi rygge ut igjen. Det er ei gate som er full av eldre, ungar og barnevogner, seier Stavsøien.

Byplanleggaren meiner betre organisering av leveringstidspunkt kan vere ei løysing.

– Vi må sjå på korleis vi organiserer trafikkareala, og dei som brukar dei på sjå på korleis dei organiserer sin transport, avsluttar Kvidal.

Vanskeleg varelevering

MED PÅ TUREN: Byplanleggar Merete Kvidal er gjerne med på ei runde for å sjå på leveringsutfordringane.

Foto: Kari Stenhjem / NRK