NRK Meny
Normal

Leksvik får stavkyrkje-kopi

Etter ti år med førebuing er arbeidet med å bygge stavkyrkja endeleg i gong.

Haltdalen stavkirke på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg (bygd 1170)

SKAL KOPIERAST: Haltdalen stavkirke står på Sverresborg. Ho skal no bli modell for den nye stavkyrkja i Leksvika.

Foto: Trond Moksnes

Når ein skal bygge ei ny stavkyrkje krevst det både mykje dugnadsarbeid og sterk vilje frå initiativtakarane. I over ti år har Hindrem Stavkirkelag jobba for å få bygd ein kopi av den gamle stavkyrkja, og no er arbeidet endeleg i gong.

Kopi av den gamle

Fram til 1600-talet sto det ei stavkyrkje på Hindrem i Lekvika, og det er denne som no skal kopierast.

– Vi har ingen teikningar av den gamle kyrkja, men vi reknar med den var ganske lik dei andre stavkyrkjene frå samme tidsrom. Vi brukar difor Haltdalen stavkirke som modell, seier Ingvar Sæther, leiar i Hindrem Stavkirkelag.

Tomt og materiale på plass

Det har vore ein lang prosess, men no er både tomt, materiale og 2,1 millionar kroner på plass til å bygge den første nye stavkyrkja i Nord-Trøndelag.

Stavkirkelaget fekk ikkje pengestøtte frå Kulturdepartementet, men Leksvik kommune har sørga for tomt, og både kommunen, bedrifter og private har gitt pengar til bygginga.

– Vi har ikkje heilt fått fullført finansieringa, men vi har ein del søknadar inne, og håpar og trur at det løyser seg, seier sekretær i Hindrem Stavkirkelag, Gjertrud Bjørnebo.

Byggast inne

Håpet er at kyrkja skal stå ferdig sommaren 2011, men det må mykje dugnadsarbeid til før den tid, og styret i Hindrem Stavkirkelag håpar at heile bygda vil stille opp.

Sjølve bygginga skal skje inne i ein stor hall i eit industriområde i Leksvika. Her skal kyrkja meir eller mindre settast saman og tilpassast i den grad det er plass under taket.

Vidare vil ho bli teke ut og plassert på Hindrem, om lag på samme plass som den gamle kyrkja sto.

– Akkurat kor den gamle kyrkja sto kan vi ikkje fastslå, seier Ingvar Sæther.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.