Hopp til innhold

Legg nevertak på gamlemåten

På Trøndelag folkemuseum lærer handverkarar å leggje nevertak på gamlemåten.

Bygger nevertak på gamlemåten på Trøndelag folkemuseum.
Foto: Magne Vik Bjørkøy / NRK

Tak av never var heilt vanleg før i tida, men no har takpapp og takstein tatt over.

Men det er slett ikkje alle stader. Onsdag la dei nemleg never på gamlemåten på Trøndelag folkemuseum.

– Vi arrangerer eit kurs i nevertekking for handverkarane. Vi har ikkje hatt heile tak av never på museet før og då passa det bra å slå dette saman, seier bygningsvernleiar ved Trøndelag folkemeuseum, Thor-Aage Heiberg, til NRK Trøndelag.

Gamal tradisjon

Nevertekking vil seie å leggje tak med never. Jon Bojer Godal har i mange år formidla tradisjonsboren kunnskap og har særleg arbeidd med bruk av tre i hus og båtar.

Han seier nevertekking er ein svært gamal tradisjon.

– Den er sikkert like gamal som språket vårt, minst. Og språket vårt høyrer til dei eldste kulturelle gjenstandane vi har, seier Godal.

Beste sort

Bygger nevertak på gamlemåten på Trøndelag folkemuseum.

Jon Bojer Godal og Thor-Aage Heiberg.

Foto: Magne Vik Bjørkøy / NRK

Sjølve ordet «never» tyder smidig og kan nyttast til mangt.

– Never blir mellom anna nytta til tak fordi det råtnar svært seint. Det kan ligge på taket i over hundre år, under jorda. Det er tett, men gjer likevel at treverket under får puste. Det finst eigentleg ikkje noko betre materiale til å tekke tak med, enn never, seier Godal.

Han forklarar at neveren først blir tatt av bjørketreet på rett tid på året, for så å bli lagt i press på ein bestemt måte for å ikkje krølle seg.

– Etterpå må den oppbevarast liggande flatt. Den blir så sortert for nevera ytterst er annleis enn den som ligg som nummer to og tre. Nevera blir også sortert etter storleiken, seier Godal.

Never for folk flest

Ifølgje Jon Bojer Godal er nevertak i vinden som aldri før.

– Det er fleire og fleire som vil ha det fordi det er det beste taket. Kostnadane er heller ikkje dyrare enn for eit skifertak. Eit godt lagt nevertak varer i seksti, kanskje hundre år.